Konge eller klovn?

TEATER

TILBAKEBLIKK: Anger er eit ukjend ord i Jonas Lieds (Per Egil Askes) vokabular, men i livets haust kjem ein nagande tvil. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Kongen av Veøy»
Teatret Vårt, Storyville, Molde
Av: Erlend og Vidar Sandem
Regi: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Per Egil Aske

Ei godt formidla og heilt utruleg historie om ein eventyrar, gründer, krigsprofitør og mesen frå vår nære fortid.

På Teatret Vårt i Molde blir det nå fortalt ei historie om forretningsmannen, eventyraren, krigsprofitøren og kunstsamlaren Jonas Lied (1881-1969), ei forteljing som er så utruleg og fantastisk at ein kunne tru det var den norske versjonen av løgnene til Baron von Münchhausen. Men så viser det seg at alt er sant, sjølv om den monomant sjølvopptekne Lied nok har pynta på kor mykje han har betydd for verdshistoria. Vidar og Erlend Sandem (far og son), har dykka ned i den mangslungne historia og skrive eit fascinerande drama, framført som ein monolog av Per Egil Aske.

Jonas Lied var født i 1881 på Sølsnes gard i gamle Veøy kommune rett sør for Molde. Han fekk handelsutdanning i Kristiania, kom seg til England som nittenåring, deretter til Tyskland, kunstnarmiljøet i Paris og til slutt Russland der han dreiv som forretningsmann og entreprenør både før og etter revolusjonen. Han tok sjansar og tente store pengar, også takk vere eit omfattande kontaktnett over heile verda. Ved at han redda ein russisk flotilje frå tyskarane under starten av første verdskrigen, blei han æresborgar av Russland. Han var i audiens hos Kong Haakon og Tsar Nikolaj, forhandla med Lenin og Trotskij og dreiv verksemd under vern av Stalin. Han var norsk konsul i Krasnojarsk, samarbeidde med både Fridtjof Nansen og Vidkun Quisling i Russland, og forhandla med den engelske statsministaren, Lloyd George om å få smugla tsarfamilien til England. For å drive verksemd i Russland, bytte han statsborgarskap i 1914, men då utreinskingane til Stalin tok til, blei han arrestert i 1931, greidde å flykte, og blei igjen norsk statsborgar. Som forretningsmann var han kynisk, og som reiar under første verdskrigen tente han godt på at skipa hans blei torpederte, mellom anna eitt der litlebroren, Hjalmar, omkom. Etter andre verdskrigen kjøpte han att barndomsgarden Sølsnes som han dreiv fram til han døydde åleine og barnlaus i 1969. Ved ei særleg forordning fekk han lov til å bli gravlagd ved den nedlagde Veøy gamle kyrkje.

Dette er berre stuttversjonen av den ekstremt mangslungne historia om denne romsdalske gründeren, og som vi nå får presentert på Teatret Vårt i Molde. I Milja Salovaaras enkle, men symboltunge scenografi med reise-effektar, bøker, eit stort kart og ein stol, nærast som ein pidestall, møter vi Per Egil Aske som Jonas Lied. På Sølsnes, i livets haust, og med ein snev av romsdalsdialekt, fortel han i retrospekt om sitt eventyrlege og fantastiske liv. Vidar og Erlend Sandem har skrive ein monolog der Lied ser attende, og der han ganske kronologisk men likevel i fine sprang i tid og rom, gjer opp ein slags status, rett nok ganske sjølvrettferdig. Morten Borgersens regi har tatt godt vare på forteljinga. Ved hjelp av fin lyssetting og enkle musikalske og dramaturgiske brot, greier han å gjere heile den snautt halvannan times historia fengslande, og ikkje minst stadig overraskande Per Egil Aske er overtydande som Jonas Lied. Trass i stormannsgalskapen, gir Aske oss eit lågmælt spel. Han tek seg naudsynte pausar for å la historiene søkke, nyttar diskré mimikk og får spesielt godt fram det sjølvopptekne hjå Lied. Dei faktiske hendingane er sanne, men hovudpersonens tankar om kor viktig han har vore for å endre verdshistoria er nok fylte av urealistisk overmot. Kontrasten mellom røynda og hans eiga oppfatning, og også mellom narsissisten og den nagande tvilen som likevel kan kome mot livets slutt, er spesielt godt formidla. Er det ei ny sjølverkjenning når han spør seg om han er kongen av Veøy, eller berre ein klovn?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. september 2024.)

Leave a Reply