Armod og sterk vilje

TEATER

FAR OG DOTTER: Scenene mellom den forståingsfulle faren (Vidar Sandem) og dottera Stina (Kjersti Sandal) er blant framsyningas vakraste. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Jordmor på jorda»
Teatret Vårt, Molde
Av: Edvard Hoem
Dramatisert av: Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Komponist: Henning Sommerro
Lysdesign: Geir Hovland
Koreografi: Stian Danielsen
Med: Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Sigmund Njøs Hovind og Lars Melsæter Rydjord

Eit mektig og sterkt kvinneportrett, og eit monument over jordmoryrket.

I åra 2014 til 2017 skreiv Edvard Hoem ein firebands romansyklus om si eiga slekt frå oldefaren Knut Nesje på midten av 1800-talet og fram til vår eiga tid. Det var eit breitt anlagt episk verk som gjennom lagnadane til familien hans også ga lesarane eit viktig stykke norgeshistorie, spesielt om utvandringa til Amerika, – om dei som fór, og dei som blei. I 2008 hadde Hoem skrive ein tilsvarande roman om tippoldemora si, mor til Knut Nesje, ei uvanleg sterk kvinne som hadde ei livslang gjerning som jordmor. Etter å ha fullført romansyklusen om Nesje-familien, fann han ut at romanen om tippoldemora måtte skrivast om, og i 2018 kom «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» ut. Forteljingane nærast ropar etter å bli dramatiserte, og første band av Nesje-syklusen, blei sett opp i samarbeid mellom Det Norske Teatret og Teatret Vårt i 2020. Nå har Kristian Lykkeslet Strømskag, teatersjef på Teatret Vårt, saman med Morten Borgersen, dramatisert også «Jordmor på jorda», og i Borgersens regi var det fredag premiere i Molde.

I romanen følgjer vi Marta Kristine Nesje, eller Stina som ho kallar seg, frå ho som sjuåring i 1800 hadde ei skilsetjande oppleving, og til ho dør i 1877. Dramatiseringa er tett på romanen, men opnar med slutten, der den døyande Stina (Kjersti Sandal), og familien hennar, ser livet i retrospekt. Stina er ei særs fremmeleg og sjølvmedviten jente som veit kva ho vil, og som får støtte i dette frå den forståingsfulle og arbeidsame faren (Vidar Sandem). Tidleg får ho det for seg at ho skal hjelpe kvinner, og dette materialiserer seg som eit ønske om å bli jordmor. Fram til for 150 år sia, var jordmorskule den einaste vidaregåande utdanninga kvinner kunne ta. For ei fattig husmannsjente i Romsdalen var slikt berre å gløyme, men ikkje for Stina. I 1821 forlèt ho mann og tre barn og går den lange vegen til Christiania for etter ni månader seinare å kome heim som utdanna jordmor.

I tillegg til dette sterke portrettet av ei kvinne som veit kva ho vil, er Edvard Hoems bok også ein stor sosial roman som skildrar mykje meir. Den tek opp husmannsvesen og armod, bygdedyr, folkesnakk og fordommar, kampen mot barseldød, og ikkje minst kjærleikens gleder og utfordringar. Stina får dottera Ingeborg (Sara Fellman) utanfor ekteskap før ho tre år seinare giftar seg med ungdomskjærasten Hans (Bjørnar Lisether Teigen). Det er ei vakker kjærleikshistorie for Hans er raus og god. Men han er også ein drøymar som ber på store krigstraume frå soldatlivet.

Mila Salovaara har laga ein stilisert scenografi som er like enkel som velfungerande. Berre slitte, skakke golvbord som illuderer fattigdomen og det enkle, men ved hjelp av lyssettinga til Geir Hovland også mykje meir. I Morten Borgersens regi er det også freista å gjere forenkling og stilisering med små brot med lett koreograferte rørsler. Det er eit vellukka grep, men ikkje heilt nok. For framsyninga viser tydeleg problemet med å iscenesette store episke romanar. Ein må kutte og forenkle, men i denne framsyninga skal det meste vere med, og då blir det litt for mange tablå og skift, og for få scener som verkeleg får gå i djupna.

Når dette likevel blir ei gripande og mektig framsyning, er det først og fremst fordi spelet er så intenst og overtydande. Kjersti Sandal nyttar heile sitt store register for å få fram alt frå den framfuse og vitebegjærlege ungjenta, gjennom kjærleik og død, elleve eigne barn og eit femtiårig liv som jordmor, til tvilaren i livets haust. Det er ein formidabel rolleprestasjon der ho er fysisk til stades heile tida. Men ho har god hjelp av eit strålande ensemble. Scenene mellom Stina og faren (Vidar Sandem) er blant framsyningas vakraste. Og Bjørnar Lisether Teigen får med neddempa spel fram den uvanleg forståingsfulle og rause ektemannen som slit med vonde krigsminne. Sara Fellman har ikkje så store rolla som eldstedottera Ingeborg, men gjer maksimalt ut av tolkinga av nok ei sterk kvinne, og tilfører også framsyninga ein god porsjon humor.

«Jordmor på jorda» er blitt eit særs velspela monument over jordmoryrket, og samstundes eit illustrerande stykke norgeshistorie.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. september 2024.)

Leave a Reply