Ode til levd liv

DANS

LIVSVEVEN: Symbolikken i framsyninga er tung og tydeleg, som her med alle trådane, eller einskildindivida, som vever seg saman til noko større. FOTO: DAVID ZADIG

«Blaff»
Berit Einemo Frøysland, Samvirket Scene, Fjaler
Tekst og koreografi: Berit Einemo Frøysland
Regi: Ingrid Askvik
Kostyme: Zofia Jakubiec
Musikk: Øyvind Hegg-Lunde
Lysdesign: Randiane Aalberg Sandboe
Voiceover: Reidun Melvær Berge
Med: Karen Eide Bøen, Synne Erichsen og Noelle Elyza G. Deriada

Ei poetisk og symboltung danseframsyning som er ein hyllest til alle dei andletslause slitarane i husmannsvesenet.

Norge er på mange vis eit annleisland, og mykje av bakgrunnen for at vi her i landet er mindre autoritetstru og ikkje så lett let oss pelle på nasen og bli overtydde av makta, ligg 150 til 250 år attende i historia vår. Lekmannsrørsla og haugianarane i tida før og under Napoleonskrigane og frigjeringa frå Danskeveldet, Thranittrørsla og veksande arbeidarorganisering på midten av 1800-talet, og ikkje minst det særeigne norske husmannsvesenet som nådde sitt høgdepunkt på same tida. Husmennene var sjølvsagt fattige, og småkårsfolk. Dei var kua, måtte gjere pliktarbeid og levde på korttidskontraktar og storgardens nåde. Men dei var leigetakarar av sin vesle jordflekk, og slik sett langt meir sjølvstendige enn til dømes statarane i Sverige og dagleigarane i Danmark, slik desse gruppene er skildra av forfattarar som Ivar Lo-Johansson, Martin Andersen Nexø og Hans Kirk.

Då husmannsvesenet var på sitt mest omfattande rundt 1850, var det nesten like mange husmenn som bønder her i landet. Men jamvel om det var titusenvis av dei, er dei i historiebøkene stort sett berre ein namnlaus masse. Dei blir fødde, lever eit liv i slit og armod før dei dør. Livet til alle desse andletslause og anonyme slitarane har i den store soga berre vore «ein pust i sivet» eller eit blaff. Dette er det dansaren og koreografen Berit Einemo Frøysland har tatt tak i og laga ei lågmælt, musikalsk og ikkje minst særs lyrisk danseframsyning som hadde urpremiere på Samvirket Scene i Fjaler på sundag, og som ho, symptomatisk nok, har kalla «Blaff».

Scena er eit stort ope rom med berre tre draperi av tauverk mot bakscena. Tre dansarar (Karen Eide Bøen, Synne Erichsen og Noelle Elyza G. Deriada) beveger seg ein etter ein over scena for så å forsvinne og kome att på motsett side i ein endelaus runddans. Lett koreografert, dansande, rullande og openbert strevsamt flyttar dei seg over scena, og symbolikken er både enkel og god. Det er dei tallause husmennenes anonyme liv frå vogge til grav, – stutte, arbeidsame og usynlege, men likevel heilt avgjerande.

Etter kvart får vi også ei poetisk forteljing i voiceover medan tempoet skrur seg litt opp. Dei tre dansarane tek til å nytte draperia på bakscena i enkle, koreograferte rørsler før dei løyser dei opp, knyter dei saman, og på symboltungt vis framstiller interaksjon, livsvev og manuelt arbeid. Alt dette skjer til musikk av Øyvind Hegg-Lunde, musikk som smyg seg om framsyninga. Dei tre dansarane er relativt synkrone, men samstundes individuelle både i utsjånad, dans og rørsler, og kan slik illustrere at i den store massen av andletslause husmenn, så var dei likevel alle individ med sine særkjenne.

Framsyninga er ikkje like tydeleg i symbolikken mot slutten, og kanskje heller ikkje like stram som i starten. Men i hovudsak var dette ei vakker og uvanleg poetisk hyllest til alle dei titusenvis av slitarar som aldri fekk plass i historiebøkene. Ein ode til levd liv, og arven etter tallause og anonyme husmannsslekter.

Leave a Reply