Intenst forteljarteater

TEATER

ÅLEINE OG SÅRBAR: Nådelaust ærleg på ei heilt nake scene fortel Sven Henriksen om ein oppvekst han diverre ikkje har vore åleine om. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Pappas lille gutt»
Hamsunsenteret, Hamarøy
Av og med Sven Henriksen
Regi: Anne Elisabeth Kokkinn

Eit lågmælt og skakande forteljarteater om oppvekst med ein alkoholisert, valdeleg og sterkt religiøs far.

Sven Henriksen (f. 1955) er skodespelar, dramatikar, lyrikar og aktiv både som lokalpolitikar og samfunnsdebattant. I fjor debuterte han også som skjønnlitterær forfattar med romanen «Pappas lille gutt». Den er ei nådelaust ærleg sjølvbiografisk forteljing om oppvekst med ein alkoholisert og valdeleg far som etter kvart blei predikant i Jehovas vitne, og om ei mor som såg vekk og aldri våga å bryte ut. I tillegg fann Henriksen tidleg ut at han var homofil, og alt som femtenåring vedgjekk han legninga si for faren. I boka tek Henriksen oss med den vesle guten Johannes (som han kallar sitt alter ego) frå barne- og ungdomsår, gjennom ei mengd både valdelege og dramatiske opplevingar, og heilt fram til i dag. Romanen er ei sterk og skakande skildring om oppvekstvilkår som Henriksen diverre ikkje er åleine om å ha opplevd.

Nå har Henriksen dramatisert romanen, og med nøktern og diskré regihjelp av Anne Elisabeth Kokkinn var det urpremiere på Hamarøy under Hamsundagane. Med nærast fullt lys både på scene og i salen kjem Henriksen inn medan han syng den symboltunge «Danny Boy». Ein liten tøykanin og ein stol er dei einaste hjelpemidla hans. Så går han rett inn i forteljinga om den fem år gamle guten som finn faren fordrukken og full av spy. I starten fortel han om «Johannes» i tredje person før han går over til første person. Både ved det grepet, og ved å kalle han Johannes og ikkje Sven, får han skapt ein distanse til historia før han går skikkeleg inn i den og alt det vonde. Det er vald, slag, fornedring og farens anger, og for offeret Johannes skuldkjensle og skam. Men alt er ikkje berre svart. Besteforeldra, og spesielt den forståingsfulle og livskloke bestemora, representerte ein friplass som blir skildra varmt og vakkert. Likeins er det med det mangeårige venskapet med den eitt år eldre Ole Andreas, hans første store og fullstendig ulovlege kjærleik. Båe var medlem av Jehovas vitne, – og homofile.

Framsyninga er eit nesten reint forteljarteater der orda er alt, og i røynda meir enn nok. Diskré rørsler med hendene, litt forflytting på scena, opp på stolen for å illudere ei dramatisk hending, og små brot for hopp i tid og rom. Men elles er det berre orda og forteljinga. Sven Henriksen er ein god forteljar som greier å fengsle folk i salen. Og fordi alt det vonde blir fortalt så lågmælt og nærast nøytralt, blir det ekstra sterkt. Publikum var heilt med i den intense framsyninga, og det høyrdest knapt eit kremt i salen undervegs.

Sjølv om dramatiseringa er den same forteljinga som i romanen, er det store skilnader, og det er eit fornuftig val. Heile perioden frå Johannes vedgjekk at han var homofil, og til han 35 år seinare møtte den store kjærleiken og samstundes tok ein endeleg avskil med alkohol, er stroke i dramatiseringa, som i staden konsentrerer seg om oppveksten og tida med faren. Og når du les ei bok med mykje vald, kan du legge den bort eller bla forbi. Det går ikkje på teater. Difor har Henriksen med langt færre konkrete valdshendingar i dramatiseringa, men det er meir enn nok til å få eit innblikk i oppveksten hans.

I finalen fortel Henriksen om moras forsøk på å få kontakt etter rundt 50 års tagnad, og reiser då ein viktig og uavklart diskusjon om det er mogeleg å tilgi. Slik leverer han stafettpinnen vidare til publikum med eit ope spørsmål samstundes som han rundar av med å synge «Moon River».

«Pappas lille gutt» blir vist på Kilden i Kristiansand i september og på Gamle Raadhus i Oslo i oktober.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 17. august 2024.)

Leave a Reply