Det er godt å leike

TEATER

SPONTANSCENOGRAFI: Anne Marit Sæther fortel i ein scenografi skapt av publikum der og da. FOTO: DINO MAKRIDIS

«Jeg synes jeg ser alt som fins»
Cirka Teater, Studioscena Trøndelag Teater,
Av: Cirka Teater
Idé og regi: Anne Marit Sæther og Kjersti Haugen
Scenografi: Gilles Berger
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Martin Smidt og Sissel Vera Pettersen
Med: Anne Marit Sæther og Loan TP Hoang

Ei interaktiv reise attende til barndomens undring, utforsking og leik.

Friteatergruppa Cirka Teater feirar førtiårsjubileum i år, og avsluttar feiringa med ei heilt eineståande gåve til publikum. Eg trur aldri eg har hatt det artigare på teater. Ikkje i tydinga humor og lått, men i oppleving og leik. Eg er normalt ikkje så glad i å vere med på scena, men her blei alle trekt inn i framsyninga på ein kreativ, leiken og utforskande måte som gjorde framsyninga særs inkluderande og heilt spesiell.

Cirka Teater har gjennom alle år dyrka det fysiske og visuelle, samstundes som dei aldri har slutta å eksperimentere, gå nye vegar og ikkje minst leike seg. Framsyninga «Jeg synes jeg ser alt som fins» er heilt annleis enn alt anna dei har laga, men nettopp difor er den likevel så typisk for repertoaret deira. Mange som har sett Cirka Teaters produksjonar, har late seg fascinere av scenografien til Gilles Berger der han tryllar fram dei mest kreative og spektakulære ting av slikt han har samla på og som tilsynelatande er skrot og skrammel. Nå syner det seg at Anne Marit Sæther, den andre halvparten av kunstnarparet, har minst like stor samlemani. På pedagogisk vis startar ho framsyninga med å fortelje om korleis dei lagar teater, og at dei i starten ikkje har peiling på kor vegen går. Dei eksperimenterer og leikar seg, og nå skal vi få ta del i same prosessen. Så fortel ho at ho heilt frå barnsbein av har samla på stein, og avdekkjer eit formidabelt steinlager på golvet på studioscena.

Men stein er langt meir enn berre ein klump, og like pedagogisk får vi ei innføring i å kjenne på og oppleve forma og det taktile ved kvar vår stein, og ein demonstrasjon av at hendene våre faktisk er i stand til å hugse former. Så blir vi delte i grupper, og ved ulike bord og skjermar skal vi, ved hjelp av metallskrot, steinar, pinnar og anna som er lagt ut, lage vår eigen scenografi basert på tematiske stikkord. Dette kunne ha blitt fullstendig kleint, men det blei stikk motsett. Vi fekk leike, vere kreative og jobbe saman. I denne store workshopen, som det i røynda var, såg eg berre folk som kosa seg, unge som gamle. Etter at vi hadde «hjelpt» Gilles Berger med scenografien, og lese inn kvart vårt ord på ein tape, var det tid for pause og å nyte det vi hadde skapt. Og det var faktisk mange, useieleg vakre små kunstverk!

SOM EIN SKUGGE: Dansaren Loan TP Hoan. FOTO: DINO MAKRIDIS

Etter at vi hadde gjort forarbeidet, eksperimenteringa og den leikande utforskinga, var andre akt eit litt meir tradisjonelt teater, men berre litt. I denne spontanscenografien, skapt av publikum, presenterte Anne Marit Sæther eit lite forteljarteater der ho tok oss med frå si eiga barndom til vaksenliv gjennom å fortelje om ulike opplevingsrike utfluktar ho hadde hatt der alle hadde det sams at dei handla om skilsetjande møte med dyr. Anne Marit Sæther er blitt ein framifrå forteljar, og med god regihjelp av Kjersti Haugen, blei desse forteljingane både intense og fengslande. Ein ekstra dimensjon var det at dansaren Loan TP Hoang følgde historiene som ein skugge og formidla dei ulike dyra ekspressivt og illustrerande.

Musikken til Martin Smidt og Sissel Vera Pettersen smaug seg like tett om det som skjedde på scena og var md på å gjere framsyninga nærast komplett. Mot slutten fekk vi nok eit prov på kor vellukka eit interaktiv teater kan vere. Før pause hadde vi alle fått ei setning som vi skulle assosiere med eit ord, og etter kvart som mikrofonen gjekk frå munn til munn, las vi inn «Det fins», og så ordet vi hadde kome på. I finalen blei dette framført som eit tonesett dikt medan vår eigen scenografi fekk stå fram i all sin prakt og med utsøkt lyssetjing. Tru det eller ei, men det kjentest som vakker lyrikk og ei stor multimedial oppleving.

Med framsyninga «Jeg synes jeg ser alt som fins» har Cirka Teater nok ein gong eksperimentert og gått nye vegar. Det er typisk for kompaniet, men det spesielle denne gongen er at publikum i så stor grad fekk vere med i prosessen, og at vi alle, same kor unge eller gamle vi var, såg ut til å kose oss med det. Ein blir heldigvis aldri for gamal til å leike.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 27. august 2024.)

Leave a Reply