Den lange streiken

TEATER

HAKKE OG SLEGGE: Stolte og syngande gruvearbeidarar. I midten bak står Einar Kvennom (Christoffer Masters), nestleiaren i foreininga. FOTO: KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

«STREIK!»
Spel i Folldal, Plana ved Folldal Gruver
Idé, manus og musikk: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen
Regi og manus: Sandra Bringsjord Pape
Scenografi: Siri Lien
Kostyme: Helle Lie Jakobsen
Hår og sminke: Thea Skomakerstuen
Orkester: Ester Thunander, Erlend Tredal, Astrid Garmo og Vegard Staum
Med: Erlend Rødal Vikhagen, Christoffer Masters, Signe Krohn Gjessing, Mats Gukild, Håvard Moe og 35 lokale statistar

Ein av dei lengste og mest omfattande arbeidskonfliktane i norsk historie har endeleg fått sitt spel, og urpremieren fredag ga oss viktig historie i ei velspela innpakking.

Folldal er ein liten fjellkommune ved Rondane og Dovrefjell. Bygda ligg høgt, og vekstvilkåra er karrige. Men i 1748 starta det opp med gruvedrift som under ulike eigarar heldt fram til 1993. Etter ein konkurs i 1878 og stillstand nokre år, blei drifta tatt opp att i 1903 med engelske eigarar, og med den berre 25 år gamle ingeniøren Worm H. Lund som direktør. Han moderniserte og investerte og var ein dyktig gründer, men også ein hard negl når det kom til fagorganisering. Etter ein mislukka eitt-års streik på tidleg 1920-tal, murra det hjå arbeidarane som var organiserte i Norsk Arbeidsmandsforbund. Men Lund nekta å melde verksemda inn i Bergverkernes Landssammenslutning, og då blei det ikkje tariffavtale. Arbeidarane i Folldal tente mindre enn gruvearbeidarar andre stader i landet, og våren 1929 blei det streik.

STREIKEVARSEL: Verksdirektør Worm Lund (Erlend Rødal Vikhagen) mottek plassoppseiinga frå Ole Beck til venstre (Arne Olav Vårtun) og Einar Kvennom (Christoffer Masters). FOTO: KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

Streiken varte i heile 22 månader. Verket var ein «company town» der gruva eigde alt frå husvære til skular. Dei streikande blei kasta ut av husa sine, og ungane fekk ikkje gå på skule. Samstundes blei det hyra inn streikebrytarar, «pjalt», frå Toten, og dei flytta inn i husværa («brakkene») på Verket. Å bli kasta ut og bu på gata er ikkje leveleg når du bur 800 meter over havet, men småbøndene i Folldal tok inn dei streikande og delte det vesle dei hadde. Under streiken var det sjølvsagt mange harde konfrontasjonar med «pjalten» og verksleiinga. Det heile enda med at streikebrytarane gjorde «avbikt», og betalte ei bot til fagforeininga. Eigarane i England var meir opptekne av botnlina enn av prinsipprytteri, så Worm Lund fekk sparken. Våren 1931 var streiken over. Løna blei ikkje betre. Men streiken har vore skilsetjande når det gjeld kamp mot streikebrytarar, og for organisasjons- og streikerett, også nasjonalt.

Eg må ile til og fortelje at eg vaks opp og hadde ungdomsåra mine i Folldal, eit samfunn framleis prega av store klasseskilnadar. Arbeidarane budde i brakkene på eine sida av bekken, og funksjonærane i einebustadar på hi sida. Då eg sommarjobba på Verket på 60-talet, arbeidde eg saman med mange eldre arbeidarar som hadde vore med på streiken. Trass i at eg budde på «feil» side av bekken, var dei rause og fortalte levande og innsiktsfullt om konflikten. Det har gjort at historia har følgt meg, og at eg i mange år har meint at Folldalsstreiken var overmoden for dramatisering.

BAK DET HEILE: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Nå har to unge folldølar, Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen, tatt tak i historia, og fredag var det urpremiere på «STREIK!» på Plana på Verket. Moan og Plassen er velmeritterte innan song, musikk og låtskriving, men har mindre røynsle med teater. Men saman med regissør Sandra Bringsjord Pape, har dei skrive eit overraskande godt manus, tru mot historia, men med litt fri fantasi og komiske brot, samt mange elegante metagrep. Og musikken, i ein tradisjon frå arbeidarsongar til folkemusikk og stev, er på høgde med det beste som er av musikkspel i dette landet, solid framført av eit lite firepersonars orkester.

KVINNENE: Arbeidarkvinnene har fått sin rettmessige plass i spelet. FOTO: KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

Worm Lund (Erlend Rødal Vikhagen) og fagforeiningsleiaren Ole Beck (Arne Olav Vårtun) er historiske personar, men dei fleste andre er oppdikta. Eit godt grep er å la Einar Kvennom (Christoffer Masters), den radikale nestleiaren i foreininga, vere frå Toten, og at hans yngre bror, Johan (Håvard Moe) er blant streikebrytarane. Liv (Signe Krohn Gjessing), kona til Einar, får fram korleis det var på heimebane der det var barn og korkje husly eller mat. Slik greier dei å presentere både dei store linene og dei meir personlege konfliktane. Arbeidarkvinnene har også fått ein viktig plass som langt meir enn umælande heimeverande.

HEIMEBANE: Godt samspel mellom Christoffer Masters og Signe Krohn Gjessing som Einar og Liv Kvennom. FOTO: KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

Framsyninga blir spela på to nivå, eit øvre der direktøren og den vel kreative assistenten hans, Edvard Skinstad (Mats Gukild), regjerer i mondene omgivnadar, og i grov kontrast til dei spartanske forholda blant arbeidarane nede på Plana. Dei fem profesjonelle gjer alle solide tolkingar, og særleg er samspelet mellom Masters og Gjessing som ekteparet Kvennom overtydande. Mange av statistane har fått ganske berande roller og handterer dei overraskande bra, spesielt i dei mange songinnslaga der nokre av dei verkeleg briljerer.

Sandra Bringsjord Papes regi målar ut eit breitt sosialt drama med konfliktar på både mikro- og makroplan. Personinstruksjonen hennar er god, men ikkje alle skifta går like saumlaust. Det blir spela i dagsljos og med store avstandar, og det gjer det stundom vanskeleg å fatte kven som snakkar. Litt innstramming her og der kunne nok også vore på sin plass, men slikt går seg til. Folldal har nå fått eit lokalt forankra spel bygda kan vere stolt av, samstundes som viktig norsk klassekamphistorie blir tatt vare på.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. juli 2024.)

Leave a Reply