I overkant fransk

TEATER

OVER STYR: Den intellektuelle leiken blir brått valdeleg. Her blir Claude (Lars Magnus Krogh Utne) pleia av Pierre (Erik Jimenez Hauge) og trøysta av Anna (Kathrine Strugstad). FOTO: NADIA CAROLINE ANDERSEN

«Det e bærre fornavnet»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: Alexandre de la Patellière og Matthieu Delaporte
Omsett av Charles-Edmond Françios og Bendik Sjømæling Nordgaard
Regi: Susann Edvardsen Françios
Komponist: Kriss Stemland
Scenografi: Marie Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maskedesign: Leo Thörn
Kapellmeister: Ragnhild Risnes
Med: Erik Jimenez Hauge, Hilde Knedal Andersen, Kathrine Strugstad, Kenneth Engen og Lars Magnus Krogh Utne

Ein komedie som manglar litt på tempo og timing, og som i tillegg blir i overkant fransk.

I godt over ti år har Rabarbrateateret spela sommarteater i Rabarbraparken på Bakklandet i Trondheim. Med Shakespeares komediar omsett til Sparbu-mål har dei gitt oss elleville folkekomediar. Like vellukka har det ikkje vore når dei har freista å skrive noko sjølve, og fjorårets oppsetjing av «Romeo og Juliet» kom heller ikkje heilt i hamn.

Nå er dei attende til komedien, og har sett opp den langt meir moderne «Det e bærre fornavnet» (Le Prénom) frå 2010 av dei franske forfattarane Alexandre de la Patellière og Matthieu Delaporte. Frå tidlegare oppsetjingar med ei mengd skodespelarar, er dei nå over i eit tett kammerspel med berre fem aktørar. Samstundes er det eit generasjonsskifte både når det gjeld regi og skodespelarar, og det ber nok oppsetjinga litt preg av.

Vi er i ein liberal og spissborgarleg heim i Paris hjå ekteparet Pierre (Erik Jimenez Hauge) og Elisabeth (Hilde Knedal Andersen) som ventar middagsbesøk. Han er professor i litteratur, og ho fransklærar. Så kjem barndomsvenen og førstetrombonisten Claude (Lars Magnus Krogh Utne). Neste gjest er Vincent (Kenneth Engen), bror av Elisabeth og suksessrik eigedomsmeklar. Mot slutten av første akt kjem også den gravide og notorisk seine kjærasten hans, Anna (Kathrine Strugstad).

Medan dei ventar på Anna, er dei tre andre nyfikne på kva den komande sonen til Vincent og Anna skal heite. Når Vincent avslører at namnet blir Adolphe, etter ein romanfigur, blir det ikkje nådig mottatt. Det går ikkje an å kalle opp nokon etter Hitler! Stemninga blir amper, men namnedebatten viser seg å vere berre fornamnet på det vi etter kvart får servert. For i dette miljøet er samtalen korkje konstruktiv dialog eller sosialt tomprat, men ein intellektuell duell med ord der målsetjinga er å utfordre kvarandre, gjerne med perfid undertekst.

Første akt blir ein noko omstendeleg intro, før Kathrine Strugstad gjer ein forrykande entré som Anna, men då blir det brått pause. I andre akt fell rollene litt meir på plass, og bak den overflatiske ordleiken blir det heile både mørkare og meir vondsinna. Den eine avsløringa følgjer den andre og ein lurer på kor dette skal ende.

Komedien var ein kjempesuksess i Frankrike, og blei raskt filmatisert. Filmen er vist i Norge, men dette er truleg norgespremiere som teater. Det har nok si årsak, for denne komedien er både litt utdatert med tanke på kjønnsroller, og dessutan i overkant fransk. Det er litterære og filosofiske referansar i aust og vest til fransk historie, åndsliv og vinsortar, og sjølv om programmet har ei rikhaldig ordliste og namneforklåring, blir det i meste laget og vanskeleg å henge med i.

Spelet til dei fem tar seg merkbart opp i løpet av andre akt, og aktørane kjem i langt større grad under huda på rollene sine. Men i regi og framføring saknar eg likevel mykje på tempo og timing for at ein slik komedie skal sitje. Trass desse innvendingane byr oppsetjinga på mykje fin og underfundig humor, og det regissør Susann Edvardsen Françios ikkje har fått til med fart og presisjon, tar ho dels att med små artige detaljar. Og det kreative samspelet med orkesteret, som mellom anna fint får fram den sjette personen som ikkje er der, er imponerande bra løyst.

Teksten er omsett til norsk av Charles-Edmond Françios og deretter til trøndersk av Bendik Sjømæling Nordgaard. Mykje kan gå tapt på dette viset, men dei har fått til eit overraskande naturleg og munnleg språk. Men om denne komedien skulle ha noka framtid i Norge, held det nok ikkje med omsetjing. Då bør han diktast om med norske referansar, og kanskje kunne dei kalle guten Vidkun?

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 30. juli 2024.)

Leave a Reply