Heddaprisen og truverd

KOMMENTAR

GJENNOM GLASTAKET: Kristian Fr. Figenschow vann prisen for beste skodespelar, og det var første gong prisen gjekk til ein produksjon nord for Trondheim. FOTO: SKJALG VOLD
 

Heddaprisen 2024

Legitimitet er skjøre greier, og etter årets utdeling av Heddaprisane er det grunn til å rope eit lite varsku.

Sia 1998 har norsk teater feira seg sjølv med årleg å dele ut Hedda-pris for framifrå scenekunstprestasjonar. Prisen blir finansiert av Norsk Teater- og Orkesterforening, bransjeorganisasjonen til teatera. For å skape tilstrekkeleg avstand til oppdragsgivaren, oppnemner NTO ein Heddakomité som fastset kriteria juryen skal arbeide etter, og som også oppnemner ein fagjury på ni personar. Denne juryen får frie taumar til å reise og sjå teater over heile landet. Den høge legitimiteten prisen etter kvart har opparbeida seg, skuldast både at juryen blir sett på som heilt uavhengig av NTO, og at den gjennom all reisinga har langt betre oversikt over scenekunstfeltet enn nokon andre. Men legitimitet er skjøre greier, og med bakgrunn i komiteens og juryens arbeid i år, er det grunn til å rope eit lite varsku.

I år er det litt over 200 produksjonar som er sett og vurderte over heile landet, og det blei delt ut prisar i tretten ulike kategoriar med heile 43 nominerte. I tillegg kan juryen dele ut ein pris for særleg kunstnarleg innsats, og Heddakomiteen kan dele ut ein ærespris. Etter offentleggjering av nominasjonane den 6. juni, var det høgtideleg prisutdeling på Oslo Nye Teater den 16. juni med femten lukkelege, og ikkje minst verdige vinnarar. Og i veka før prisutdelinga var det Heddadagar i Oslo der både frigrupper og teatera rundt om i landet fekk høve til å vise sine produksjonar. I tillegg var det ei mengd seminar og samtalar.

Eit mørkt bakteppe la likevel sitt tydelege preg på festivalen. Stikkordet er sjølvsagt økonomi. Oslo Nye Teater står i fare for å bli lagt ned av eigaren, Oslo kommune, og pandemi og «ostehøvelpolitikk» har ført til at mange av teatera slit med finansieringa. Det førte til at festivalen denne gongen var eit par dagar stuttare enn før. Og at det berre var Trøndelag Teater som såg seg råd til å presentere ein større produksjon.

Ein av dei mange panelsamtalane som blei arrangerte under festivalen var eit møte mellom fire teaterkritikarar som skulle meine noko om nominasjonane. Julie Rongved Amundsen, redaktør av scenekunst.no og teatermeldar i Klassekampen, opna friskt med å seie at ho meinte vi nå var inne i ei nykonservativ tid i norsk teater, og fekk delvis medhald i denne påstanden frå to av dei tre i panelet. Eg må diverre seie meg litt samd med henne. Når økonomien trugar, er det mindre rom for risiko og nysatsing, og repertoarvala er prega av det, sjølvsagt med nokre heiderlege unnatak.

For fire år sia rykka Cliff Moustache, kunstnarleg leiar på Nordic Black Theatre, ut i Klassekampen og kritiserte juryen for berre å nominere kvite personar. Juryens talsmann svara ikkje spesielt klokt på utspelet. Men det er openbert at juryen etter det har gått i seg sjølv, for dei siste åra er han blitt langt meir politisk korrekt, og nominasjonane kan tyde på litt berøringsangst, redsle for det kontroversielle og dermed altså også noko konservativt. At juryen i tillegg gjorde det nokså oppsiktsvekkjande valet å nominere eitt av jurymedlemmane for beste regi, gir heller ikkje akkurat auka tillit.

Ein Heddapris er eit uoffisielt norgesmeisterskap i scenekunst, men i motsetnad til idrettsarrangement som er målbare, er kunstprisar ingen eksakt vitskap, og er ganske subjektive vurderingar. Dei som vinn er alltid av dei aller beste, men ikkje nødvendigvis den beste. Hårfine marginar og ikkje minst juryens samansetjing kan vere avgjerande. Nettopp fordi det er reist kritikk mot juryens habilitetsvurderingar og stilt spørsmål om at han er traust og nykonservativ, gjer at det bør vere hyppig utskifting av jurymedlemmar. Dette er også nedfelt i statuttane der det heiter at jurymedlemmane blir oppnemnde for to år med høve til fornying. Det vanlege er at dei sit i tre år. Då er det ganske oppsiktsvekkjande at det i påtroppande jury berre er to som er skifta ut, og at det er heile tre av ni som sit på femte året. At eit fleirtal av medlemmane er teaterkritikarar, er også problematisk ettersom Heddaprisen ikkje skal vere ein kritikarpris. Om prisen skal spegle mangfaldet i norsk scenekunst, må juryen også vere sett saman for det, og ikkje sitje meir enn i høgda tre år.

Trass denne ganske kritiske kommentaren, var det likevel mykje å gle seg over både i nominasjonar og prisar. At Nina Wester og Rimfrost Produksjoner fekk prisen for beste ungdomsframsyning med «Å leve videre» kan ein kanskje seie er politisk korrekt, men det Wester og Rimfrost har gjort, er å trasse all berøringsangst, og gå inn i det minefeltet, både politisk og kjenslemessig, som 22. juli er. Dei har laga ei balansert, rørande, litt humoristisk og også optimistisk framsyning for den generasjonen som har vakse opp etter massakrane på Utøya. Og så kan vi endeleg feire at det nordnorske glastaket blei knust. Etter at det gjennom åra er delt ut 40 prisar for beste skodespelar, var det omsider ein skodespelar i ein produksjon nord for Trondheim som fekk prisen. At det var nestoren Kristian Fr. Figenschow, nominert første gong alt i 2005 og ein av dei som kan og kjenner Nord-Norge best, gjer tildelinga endå meir gledeleg.

(Kommentaren stod i Klassekampen fredag den 21. juni 2024.)

Leave a Reply