TEATER
«Ellos eatnu! – Nullpunkt»
Beaivváš Sámi Našunálateáhter
Rosendal Teater, Trondheim 19. februar 2022
Av: Mette Brantzeg
Regi og scenografi: Mette Brantzeg
Kostyme: Anne Berit Anti
Komponist og musikar: Roger Ludvigsen
Forteljarar: Johs Kalvemo, Jorunn Eikjok og Niillas A. Somby
Med: Mary Sarre, Marte Fjellheim Sarre, Nils Henrik Buljo, Iŋgor Ántte Áilu Gaup og Egil Keskitalo.
Ei varm, veldokumentert og viktig påminning om grove overgrep i vår nære historie.
Kampen mot utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget for førti år sia var skilsetjande på mange vis. For Sápmi var han ein milepåle i striden for retten til land og vatn og for å bli sett på som ein nasjon. For oss andre fekk han augo våre opp for alle overgrepa som hadde skjedd i århundrar med fornorsking og undertrykkinga av samane. Og i tillegg representerte kampen eit førebels endepunkt for utbygginga og oppdemminga av vassdraga i landet og slik sett ein viktig siger for naturvernet.
Nå har Det samiske nasjonalteateret Beaivváš laga eit opplysande, varmt og intenst dokudrama om det som skjedde i Finnmark og framfor Stortinget for førti år sia. Mette Brantzeg har intervjua tidsvitna Jorunn Eikjok, Johs Kalvemo og Niillas A. Somby om tre av dei viktigaste hendingane dei åra striden blei utkjempa. Det er sveltestreiken i Oslo i 1979, teltleiren og politiaksjonen i Stilla i 1981 og forsøket på å sprengje brua over Tverrelva i 1982 som ein reaksjon på høgsterettsavgjerda same året om at utbygginga var lovleg.
Med intervju, film og stillbilde projisert på bakveggen av scena let Mette Brantzeg fem skodespelarar ta oss gjennom heile historia på eit grundig, veldokumentert, men også varmt og humoristisk vis. Med ei blanding av forteljarteater, lett dramatisering, joik, talekor, song og enkel koreografi blir vi geleida gjennom eitt av dei største overgrepa og noko av det pinlegaste det norske storsamfunnet har gjort i etterkrigsåra. I staden for å vere insisterande, har Brantzeg vald ei særs lågmælt presentasjonsform, og det gjer kontrastane mellom sveltestreik og fredelege demonstrasjonar på eine sida og overvakinga og den overveldande politimakta på andre sia tydelegare, og difor også sterkare.
Det tek litt tid før framsyninga finn forma si, men når intensiteten i forteljingane aukar, blir dette både gripande og lærerikt. Samefolket tapte slaget om vassdraget, men vann ein førebels siger. Etter dette kunne ikkje overgrepa halde fram. Trudde vi. Høgsterett har nå snudd, men vi har for tida ei regjering som neglisjerer både landets høgste domstol og samiske rettar på Fosen. Det bakteppet gjer denne framsyninga endå meir aktuell og naudsynt.
«Ellos eatnu» blir vist på Det Norske Teatret i Oslo tysdag og onsdag denne veka før turneen går attende til Nord-Norge.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. februar 2022.)