TEATER
«Jakob og Neikob – Naboen»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Kari Stai
Regi: Morten Røsrud
Scenografi og kostyme: Mari Lotherington
Komponist og lyddesign: Andreas Wangsbro
Lysdesign: Simen Høy Asheim
Med: Nami Kitagawa Aam, Petronella Ibsen-Børnik og Sindre Strand Offerdal
Ei framsyninga som er nesten vel så mykje ein installasjon eller eit kunstverk som tradisjonelt teater.
Sia debuten i 2008 med boka om dei to sambuande vennene Jakob og Neikob, har forfattaren og illustratøren Kari Stai fengsla ungar i alle aldersgrupper. Fire bøker er det blitt om Jakob som ser positivt på alt, og Neikob som er langt meir negativ. Med denne barnelitteraturens Yin og Yang, og ikkje minst med dei enkle, men talande illustrasjonane, har Stai skapt eit univers som ho kan nytte som bakgrunn for ulike tematiske forteljingar. I tillegg er tekstane hennar alltid fulle av språkblomar, aforismar og underliggjande humor. Som når Neikob stadig vekk slit med å vere negativ utan å måtte nytte ordet «ja».
Både tematikken, forteljingane og den visuelle verda Stai har skapt, formeleg ropar etter dramatisering, og i løpet av dei siste åtte åra, er det blitt heile fire teaterproduksjonar om desse to antagonistane. Torsdag var det urpremiere på «Jakob og Neikob – Naboen» på Turnéteatret i Trøndelag i Verdal. Og om dei to vennene er ganske ulike, så var denne produksjonen også heilt ulik alt som tidlegare er laga om dei to, men samstundes i full lojalitet til Kari Stais univers.
Det kunstnarlege laget bak denne produksjonen har openbert hatt større ambisjonar enn berre å lage artig og visuelt teater. Dei har skapt ei sanseleg oppleving der musikk, scenografi, koreografi, rekvisittar, lyssetting og spel utfyller kvarandre og spelar i lag på eit vis som vi ikkje så ofte ser maken til.
Alle veit at nye naboar stundom kan verke litt skumle eller rare før vi lærer dei å kjenne. Då er det spørsmål om å byggje stengsel eller å opne opp. Jakob (Nami Kitagawa Aam) og Neikob (Petronella Ibsen-Børnik) får ein litt underleg nabo (Sindre Strand Offerdal) som kan verke skremmande. Men så syner det seg etter kvart at han både er birøktar og brannmann, og det siste kjem faktisk godt med. I tillegg er han også glad i bollar. Og så endar framandfrykta i naboskap og vennskap. Forteljinga er ikkje særleg original og i tillegg nesten pinleg politisk korrekt. Men la det liggje, for det er formidlinga av historia som gjer denne framsyninga så eineståande.
Det er ikkje ofte at scenografien er ein så viktig del som i denne produksjonen. Det opnar med at Jakob og Neikob ligg i ei seng forma av det som kan minne om bølgepapp. I bakgrunnen er det tilsvarande material i vifteform. Men så syner det seg at scenografien til Mari Lotherington eigentleg er sinnrike rekvisittar som på genialt vis kan gjerast om til om lag det ein måtte ønske. Og saman med kostyma til dei to, musikken til Andreas Wangsbro, og det nærast marionette-aktige spelet blir tankane raskt førde til det meir orientalske og ikkje minst japansk origami (papirbretting). Med enkle, synkrone og vel innstuderte rørsler brettar dei to ut hus, seng, veggar og murar og tryllar slik fram nett dei situasjonane framsyninga og forteljinga treng.
Dei to vennene er akkurat passe ulike og står godt til kvarandre. Nami Kitagawa Aam som Jakob er lita, leiken og nyfiken. Medan Petronella Ibsen-Børnik som Neikob er lang, litt ulenkeleg og ganske skeptisk. Framføringa er i Kari Stais nynorske språkdrakt, men med islag av hallingdialekt. Det gjer det heile munnleg og gir i tillegg rom for masse språkleg leik.
Morten Røsruds regival, hans personinstruksjon, koreografi og nære samarbeid med både komponist, scenograf og lysdesignar har gitt oss ei sjeldan teateroppleving. Og det at det var så taust i salen på premieren, tyda på at ungane berre forsvann inn i Kari Stais og Morten Røsruds magiske univers.
(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 25. november 2021)