Pandemi og akademia

TEATER

ULYD: Medan Guro (Kristin Lundemo Overøye) forskar og spelar reint på cello, er det meir falskspel frå professoren (Sofie Aalstad Jansen). FOTO: ALEKSANDER D. ANGELL

«At₂C₁₄H₂OO₂»
Lager 11, Trondheim
Av Ingvild Tiller Naustan
Regi: Ingvild Tiller Naustan
Lyddesign: Katrine Roland
Live musikkomposisjon: Kristin Lundemo Overøye
Med: Kristin Lundemo Overøye, Sondre Mattis Hanssen Flakstad og Sofie Aalstad Jansen

Ein absurd og artig kommentar til både pandemi og akademia, men som nok freista å femne litt for mykje.

I om lag ti år har Trøndelag Teater saman med Kjernehuset og Rita Abrahamsen gitt fagleg hjelp og ikkje minst scene til ungdom mellom 13 og 19 som vil forsøke seg som dramatikarar. Prosjektet «Unge dramatikere» har vore spennande å følgje, og etter kvart ser vi også varige resultat. Både Ibrahim Fazlic og Daria Glenter har for lengst etablert seg som dramatikarar, og torsdag var det duka for Ingvild Tiller Naustans debut som både dramatikar og regissør på ei heilaftans framsyning. For seks år sia, som syttenåring, imponerte ho stort med «Forbudt kjærlighet» på «Unge dramatikere». Blant dei seks som blei presenterte det året, var dette den desidert beste. I meldinga mi omtala eg det som «Ei skikkeleg buskishistorie om eit norsk landsens familiedrama frå langt tilbake i tid, full av absurd humor». For eit par år sia såg eg eksamensframsyninga hennar på NTNU, men det resulterte ikkje i noka teatermelding.

Torsdag var det premiere på «At₂C₁₄H₂OO₂» på Lager 11 i Trondheim, eit stykke Ingvild Tiller Naustan både har skrive og regissert, og som var ei nesten to timars framsyning. Som tittelen tyder på, handlar det om forkjøling med ei litt meir vitskapleg tilnærming, og sjølvsagt om pandemien, men også om forskingshierarkia på universitetet, både i dag og langt attende, om feminisme, litt samlivsproblematikk, om å vere tru mot ideala sine, og faktisk eit utal andre tema.

Scena er ein black box med ein skjerm og eit stort garderoberack. Det forstår vi raskt årsaka til, for her er det tre skodespelarar som i ei mengd stutte tablå med raske og mange skift spelar meir enn femti roller. Tre av figurane går igjen gjennom heile framsyninga. Det er det unge ekteparet Guro (Kristin Lundemo Overøye) og Vegard (Sondre Mattis Hanssen Flakstad) der ho er biolog, forskar og nytilsett postdoc medan han er dramatikar. Den tredje er den paternalistiske professoren (Sofie Aalstad Jansen) som nok har gjort sitt viktigaste forskingsarbeid, og som nå vil vegetere på yngre forskarar og stele æra for det dei gjer.

Guro er monomant opptatt av faget, og det er ikkje rart for ho meiner å ha funne rota til forkjøling og slik sett også dei ulke pandemiane. Dette ønsker ho å gjere noko med, men møter motstand frå professoren som vil ha ei hand på rattet. Vi meir enn anar at han også vil ha hand på anna. (!) Og heime går mannen til Guro for lut og kaldt vatn. Naustan har tatt med seg noko av det absurde universet eg fall for med framsyninga for seks år sia, for her er eit bakteppe av Spanskesjuke, Svartedaude og andre epidemiar som på humoristisk vis, som ein Karius og Baktus, er livredde for eigen eksistens.

Guro går til verket med stor entusiasme, og ettersom Kristin Lundemo Overøye også er ein meir enn habil cellist, har dei vald å framstille forskings- og formidlingsarbeidet hennar gjennom heftig cellospel. Det er eit godt og særs illustrerande grep som gir framsyninga ekstra dimensjonar.

Så langt, så bra, men framsyninga har også openberre problem. Ho nærast ropar på ein dramaturg, for gjennom nesten to timar er det så mange tema ein skal innom, at det heile tidvis blir eit hektisk kostymeskift der nokre av tablåa aldri blir lange nok til å stå på eigne bein. Produksjonen hadde stått seg på å bli stramma inn vesentleg, og her er mange darlings to kill.

Dei tre på scena spelar meir enn femti roller, og det er ei krevjande og relativt tekstrik oppgåve dei har gått til med stor energi, og det imponerer. Men med så mange skift og roller, blir det vanskeleg å skilje, og sjølv om kostyma er meir enn eintydige, blir dei ulike rollene vist med alt for mykje overspel, og nokre gongar ganske teatralt. Unnataket er Kristin Lundemo Overøye som har eit langt større register, og som på varsamt vis greier å nyansere i staden for å overspele.

Leave a Reply