TEATER
«Slåttekar i himmelen»
Teatret Vårt, Bjørnsonsalen i samarbeid med Det Norske Teatret
Av Edvard Hoem
Dramatisert av Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Bentein Baardson
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Torkel Skjærven
Videodesign: Nils Wingerei
Med: Jon Bleiklie Devik, Kjersti Botn Sandal, Sara Fellman, Svein Roger Karlsen, Andreas Koschinski Kvisgaard, Julie Støp Husby, Bjørnar Lisether Teigen og Unn Vibeke Hol.
Eit portrett av ein arbeidets og slitets heidersmann, eller tankar om tvil og tru.
Edvard Hoems store romansyklus om oldefaren Knut Nesje og etterkomarane hans har høgst fortent vunne seg ein stor lesarskare. Frå siste halvpart av 1800-talet og fram til rundt 1920 utvandra i alt meir enn 800 000 nordmenn til Amerika, dei fleste til USA. Sjølv om dette er ei skilsetjande periode i nyare norsk historie, er den lite omskrive i litteraturen. Rett nok har vi bøkene etter Cleng Peerson og Ole Edvart Rølvaag, men om vi skal lese verkeleg god litteratur om utvandringa, har vi til nå måtta gå over grensa til svenskanes Vilhelm Moberg. Med Edvard Hoems firebands verk har vi fått eit velskrive norsk epos som med grunnlag i det personlege og nesten private, skildrar livet for dei som drog, men også korleis det gjekk med dei som valde å bli heime. På dette viset har Hoem fylt eit stort litterært hol, og med skildringane gitt innsikt og forståing for alle oss som har meir slekt i Amerika enn i gamlelandet.
Slik situasjonen er i norsk dramatikk for tida med dramatisering av romanar som nærast hovudtendensen, sa det seg difor sjølv at romanane måtte dramatiserast, og i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Teatret Vårt var det urpremiere på «Slåttekar i himmelen» i Oslo den 7. mars i år. Framsyninga rokk ikkje meir enn premieren før landet og alle teaterscener blei stengt, men med gode smitteverntiltak var det laurdag duka for Moldepremiere i lånte lokale i den store Bjørnsonsalen.
I romansyklusen, og for så vidt også i første bandet, teiknar Edvard Hoem mangslungne og innhaldsrike personportrett av ei rekkje personar der vi i den store episke forteljinga kjem tett innpå dei fleste i det store persongalleriet. Det seier seg sjølv at den same breidda er vanskeleg å få til i ein to timars teaterframsyning, og Kristian Lykkeslet Strømskag har ikkje hatt noka lett oppgåve med å dramatisere romanen. Han har vore nøydd til å forenkle og kutte. Stort sett har han lukkast, men nokre gongar går det ut over forteljing og dramaturgi. Eg har lese romanane, og fann nok den første, den som her er dramatisert, som den beste. Og det eg først og fremst sit att med etter lesinga av den, er Hoems kjærleiksfulle skildring av oldefaren, Knut Hansen Reknes, men som kalla seg berre Nesje, eller Knut Nesje. Han var førsteslåar i slåttegjengen på hovudbruket, og ein stolt og rettskaffen arbeidskar som stod solid planta i tradisjonen av norsk nøysemd, og i arven frå Luther og haugianismen. Med andre ord noko av det beste, og kanskje mest typiske i norsk bondetradisjon. Dette har Hoem skildra kjærleiksfylt og innlevingsrikt, og ein av dei vakraste passasjane i romanen, er møtet mellom enkjemannen Nesje og den unge Serianna, som ganske raskt skal bli kona hans.
I dramatiseringa blir dette møtet mellom Nesje (Jon Bleiklie Devik) og Serianna (Kjersti Botn Sandal) formidla nesten skjematisk, og meir som ein ouverture til det som seinare skal skje. I Bentein Baardsons særs stramme regi, tek det nok litt lang tid før dei fleste rollene er presentert og vi kan kome noko meir under huda på dei ulike personane. Men etter kvart losnar det, og vi møter den vesle familien på Kringsjå i Molde der Nesje har sett seg føre å rydde seksten mål jord på fritida, for ein dag å kjøpe ut jorda og bli ein sjølveigande bonde. Det er den store draumen han held fast ved. Men verda er i endring, både kona, og resten av familien har andre visjonar, og det er først og fremst Amerika som lokkar. Vi tar til i 1874 når den 36 år gamle Nesje møter Serianna, og vi følgjer familien ut hundreåret. Då sit dei to att åleine, ingen av sønene vil ta over, og både svigerinne og ein av gutane har emigrert. Nesje held heile tida fast på draumen sin, sjølv om det nok har vore mykje tvil undervegs, og han til slutt må erkjenne at det gjekk ikkje som han ønska.
Jon Bleiklie Devik leverer eit truverdig portrett av Nesje, men i Baardsons regi er tankane om tvil og tru langt meir dominerande enn skildringa av den stolte arbeidsmannen. Slik blir Nesje i denne tolkinga meir stusseleg enn han framstår i romanen. Og når han vel å setje bort sonen Anton Edvart til barnlause slektningar på Hoem, så blir det presentert stutt og brutalt, nesten som om Nesje ikkje har kjensler for sonen. Men i finalen møter vi att den stolte slåttekaren som vel skal vite å te seg slik at ungane vil kjenne han att når dei kjem til himmelen. Kjersti Botn Sandal leverer ei særs neddempa, men likevel inderleg tolking av Serianna, ei framfus og direkte kvinne som ganske raskt innordnar seg, og som like raskt lyt leggje lokk på draumane sine.
Annleis er det då med Gjertine, syster til Serianna. I romansyklusen er ho av dei mest spennande og fargerike personane, sjølvstendig og tøff og ofte ganske kontrær. Ho stemmer blod, vel seg sjølv ein mann og veit å setje solide krav til han. Og det er ho som får overtydd mannen om at det er rett å emigrere. Slik er ho også i sceneversjonen der Sara Fellman leverer ei tolking som åleine er verd framsyninga. Men eg er litt forundra over at Bentein Baardson har gitt Gjertine så stor plass, for med det formidable spelet til Sara Fellman, er det nesten som dette i like stor grad handlar om henne som om slåttekaren.
Bentein Baardson har vald ein regi med mange små tablå som grip inn i og går nesten saumlaust over i kvarandre. Slik vekslar han friksjonsfritt mellom Dakota og Molde, medan Nesje godt kan sitje att på scena som ein observatør til det heile. Dette fungerer godt, også fordi Baardson nyttar heile scenerommet, men med uvanleg få rekvisittar. Tre benkar som kan illudere det meste, gjer jobben. Men dette hadde nok vore i snauaste laget, var det ikkje for fine og tidsriktige kostyme av Ingrid Nylander, og først og fremst den diskrete, men likevel utsøkte scenografien til Arne Nøst. Opninga var som ein vakker parafrase over det ikoniske sceneteppet i Det Norske Teatret, men som etter kvart viste seg å vere noko heilt anna, og vel så spennande. Saman med Nils Wingereis kreative videodesign og Torkels Skjærvens lyssetting, blir det skapt landskap, horisontar, rom og stemningar. Og mot finalen får vi presentert eit kornaks i ein doggvåt åker på eit vis som er eit lite kunstverk i seg sjølv.
«Slåttekar i himmelen» greier nok ikkje heilt å få med seg alle nyansane og stemningane i romanen. Men dramatiseringa er likevel blitt eit fullgodt kunstverk som står solid på eigne bein.