Havariet i Bergen

TEATER

KONGE PÅ BRUA: Kapteinen (Bjørn Willberg Andersen) er øydelagd etter Napoleonskrigane, ein forfylla psykopat som utnyttar og terroriserer passasjerane. FOTO: THOR BRØDRESKIFT

«Skipet de Zee Ploeg»
Den Nationale Scene, Store scene
Av Stig Amdam
Regi og kostymedesign: Hilda Hellwig
Scenografi: Jan Lundberg og Hedvig Ljungar
Med: Bjørn Willberg Andersen, Kristoffer Sagmo Aalberg, Katrine Dale, Susann Bugge Kambestad, Marianne Nielsen, Svein Harry Schöttker-Hauge, Sverre Røssummoen, Jon Ketil Johnsen, Sissel Ingri Tank-Nielsen, Kim Kalsås, Hedvig Garshol, Herman Ljung Opedal, Sigmund Njøs Hovind, Knut Erik Engemoen m.fl.

Ei fantastisk historie som hadde stått godt på eigne bein utan ekstra fortolking.

Sommaren 1817 la skipet de Zee Ploeg ut frå Amsterdam med 580 hovudsakleg tyske emigrantar med kurs for Pennsylvania. Kapteinen, Heinrich Manzelmann, var forfylla, øydelagd og sterkt traumatisert etter Napoleonskrigane, og på båten var han både konge og gud. Han utnytta, mishandla og terroriserte passasjerane på det grøvste. Nord av Skotland kom skipet ut i uvêr, mastene knakk, og utpå hausten dreiv det i land på Askøy ved Bergen. I 1817 var Bergen ein by i økonomisk krise etter naudsår og krigsblokade. Det blei ein heftig debatt i dei rådande rekkjer om dei skulle ta i mot alle desse folka eller ikkje. Ein tidel av passasjerane hadde døydd undervegs, og fleire av barna var nå foreldrelause. Det enda med at skipet fekk leggje til kai, kapteinen blei sett under tiltale (og i hovudsak frikjend), og femten av ungane fekk bli. Anstendigheita vann, og bergensarane kunne behalde sjølvrespekten. Men dette var ikkje sjølvsagt, og ein hard kamp låg bak avgjerda.

Historia er både fantastisk og sann, og vel dokumentert gjennom nitide rettsreferat. Difor all ære til Den Nationale Scene og Stig Amdam for å dramatisere henne. Dei fleste vil nok også sjå mye likskap med haldningane til flyktningar og emigrantar i dag. Men her er vi ved det som gjer at den store historia om havariet også delvis sjølv havarerer. Det verkar som om dramatikar Amdam og regissør Hilda Hellwig er så redde for at vi ikkje skal sjå parallellane at dei gnir dei inn, gjer dei overtydelege og brukar dei for meir enn dei er verd.

Regivala forsterkar dette med mye overspel kombinert med teatralske og melodramatiske verkemiddel. Framsyninga er svært episodisk og hoppar frå Tyskland til Amsterdam før det blir stadige og altfor hyppige vekslingar mellom skipet og livet i Bergen. I starten er dette så forvirrande at det er vanskeleg å henge med. Scenografane Jan Lundberg og Hedvig Ljungar har såleis hatt ei nesten umogeleg oppgåve, og har laga ein scenografi som freistar å vere både båt og Bergen, men utan heilt å få det til.

Andre akt opnar med rettsmøtet mot kapteinen, og her får vi eit glimt av kva denne oppsetjinga kunne ha blitt. Dette både fordi vitnet Magdalena Raucherin (Susann Bugge Kambestad) og kaptein Manzelmann (Bjørn Willberg Andersen) leverer så solide og overtydande rolletolkingar, og fordi vi får alvor og dramatikk, men ikkje det overspelet som elles pregar denne framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. april 2019.)


Leave a Reply