Overtydande Mattis

TEATER


BUNDE: Hege er bunde til Mattis og bundingen. FOTO: PETER EIDE WALSETH

«Fuglane»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Tarjei Vesaas
Dramatisering: Ole Anders Tandberg og Nils Sletta
Omsett til nordnorsk av Ragnar Olsen
Regi, scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk: Rolf-Erik Nystrøm
Koreografi: Kyuja Bae og Katarina Skår Lisa
Med: Rune Storsæther Løding, Anne E. Kokkinn, Per Bogstad Gulliksen, Johanne Fossheim, Rolf-Erik Nystrøm, Sven Henriksen, Inga Marja Sarre, Madeleine Fredstad Røseth og Cathrine Borkenhagen

Ei ambisiøs framsyning som får fram nye fasettar både hjå Mattis og Hege

Det er Vinterlysfestival i Mo i Rana, og den blei opna med premiere på «Fuglane» av Tarjei Vesaas på Nordland Teater laurdag. Det er ein ambisiøs produksjon med stor fallhøgde, men er blitt ei velspela framsyning som borar djupt ned i sjelelivet til hovudpersonen.

Bård Lie Thorbjørnsen er ein av landets beste scenografar med heile fire Heddanominasjonar og to prisar bak seg. «Fuglane» er debuten hans som regissør, og han har laga ei framsyning som både følgjer narrativet og er tru mot Vesaas, men som også vågar å ta seg god tid og dvele slik at publikum får rikeleg høve til eiga tolking og dikting. Når Thorbjørnsen også har ansvaret for scenografien, og i tillegg lèt musikk og lyd spele ei avgjerande rolle, samt at han har lagt til forsiktig, men vakker koreografi, blir framsyninga også ei audiovisuell oppleving.

På ein stor stein, som for dei som har lese Vesaas, sjølvsagt er relativt flat, følgjer vi syskenparet Mattis (Rune Storsæther Løding) og systera Hege (Anne E. Kokkinn). Mattis er redd lyn og torevêr, ser og tolkar teikn i naturen og tenker djupe, men enkle tankar. Rolla blir tradisjonelt lese som eit forsvar for dei som har litt mindre bagasje, men også som eit sjølvbiografisk uttrykk for kunstnarsinnet. I denne oppsetjinga er det nok mest det første. Rune Storsæther Løding gir oss ei imponerande og intens tolking av Mattis i ei særs tekstrik rolle der han er til stades heile tida, og syner oss alle fasettar ved denne førtiåringen som på same tid er både barn, vaksen og i puberteten. Og han borar langt djupare enn dei produksjonar eg har sett tidlegare. Anne E. Kokkinn gir også nye dimensjonar til Hege som nok er snill, omsorgsfull og overberande, men som det openbert renn over for av og til. Og samspelet mellom desse to er både vart, vakkert og vondt. For når Mattis finn ut at han kan arbeide som ferjemann og ror framandkaren Jørgen (Per Bogstad Gulliksen) til gards, får Hege med eitt eit liv, medan verda blir snudd på hovudet for Mattis.

Musikaren og komponisten Rolf-Erik Nystrøm følgjer handlinga som ein skugge, og med ein sår saksofon kommenterer han det som skjer på scena, eit poetisk og vellukka grep. Men når alle dei andre aktørane lagar lyd og musikk med klaprande steinar og anna, blir lydbildet av og til ganske forstyrrande. For å få rom for dei dvelande scenene, må handlinga stundom bli litt stilisert, og det fører til at nokre roller har fått i minste laget å spele på. Men samstundes gjer dette grepet at Thorbjørnsen held ulike tolkingar heilt opne, spesielt i finalen. Det er eit godt val.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 13. februar 2019.)


Leave a Reply