TEATER
«Alt jeg ikke husker»
Trøndelag Teater, Studioscena
Etter ein roman av Jonas Hassen Khemiri
Omsett av Andreas E. Østby
Dramatisert av Kristofer Blindheim Grønskag
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Med: Vetle Bergan, Kenneth Homstad, Ragne Grande, Hans Petter Nilsen, Janne Kokkin og Ida Cecilie Klem
Ei dramatisering som har gjort Jonas Hassen Khemiris prisvinnande roman til eit framifrå og tett forteljarteater.
Den 26 år gamle Samuel (Vetle Bergan) har køyrd seg i hel, og attende står dei næraste og lurer på kva som eigentleg skjedde. Var det ei ulukke, eller gjorde han det med vilje? Så tek ein forfattar (Hans Petter Nilsen) tak i historia, like mye av eigenterapi etter sjølv å ha mista ein god ven, og intervjuar dei næraste for å lage eit bokprosjekt. Slik nøstar den svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri opp ei historie som syner seg å ha langt fleire fasettar enn ein skulle tru, og der dei ulike forteljarstemmene etter kvart gir oss eit bilde av historia, men neppe heile sanninga. I staden får vi presentert eit rikhaldig galleri av ulike menneske som har det sams at dei er nettopp ulike menneske. Og med denne veven av forskjellige røyster fortel Khemiri oss ikkje så reint lite om menneskeleg åtferd, kjærleik, sjalusi og svik.
Eg må vedgå at eg opplevde romanen som ganske kaotisk der det ofte var vanskeleg å fatte kven som til ei kvar tid var forteljarstemma. I Kristofer Blindheim Grønskags dramatisering, og ikkje minst Maren E. Bjørseths ganske sikre regi er dette blitt langt tydelegare. I Katrine Bombes særs nøkterne og nakne scenografi blir det nytta kritt og tavle for å presentere dei ulike forteljarane, og publikum sit vagla opp på tre kantar i eit tett og intimt scenerom der vi nesten kan få inntrykk av å vere eit tribunal.
Som eit forteljarteater i retrospekt får vi rulla opp dei mange historiene som til saman skal gi forfattaren, som sjølv er temmeleg diskret til stades, eit bilde av kva som førde til at Samuel døydde. Den viktigaste forteljaren er Vandad (Kenneth Homstad), Samuels næraste ven, men kanskje likevel den mest upålitelege kjelda. Uredigert og tilsynelatande kaotisk hoppar vi frå vitne til vitne. Det er kunstnaren og barndomsvennen Panteren (Ida Cecilie Klem), mormora (Janne Kokkin) som var den siste som såg Samuel i live, og ikkje minst den tidlegare kjærasten Laide (Ragne Grande). Gjennom lagvis avdekking fortel dei vel så mye om seg sjølve som om den relativt sympatiske, men kanskje litt naive Samuel. Det er blitt ei kontrastfylt historie som syner oss at sanninga, i den grad ho finst, er avhengig av augo som ser. Mot eit synleg, men langt frå påtrengjande politisk bakteppe, med god observasjonsevne, stor innsikt, og faktisk også litt humor, fortel framsyninga oss mye vesentleg om oss sjølve, og kor vanskeleg det er å vere menneske. At forfattarstemmas epilog blei vel omstendeleg rokkar ikkje ved at dette var godt forteljarteater framført i eit stramt og velregissert ensemblespel.
(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen fredag den 16. november 2018.)