TEATER
«Veien mellom huler og tårn»
Cirka scenefabrikk, Nyhavna, Trondheim
Av: Cirka Teater v/Anne Marit Sæther og ensemblet
Regi: Anne Mali Sæther
Komponistar og musikarar: Sissel Vera Pettersen og Martin Smidt
Scenografi: Richard Verley og Anne Marit Sæther
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Anne Marit Sæther, Janne Brit Rustad og Marte Stolp/ Elizabeth Piro Volan
Ei opplevingsrik og fantasifull utforsking av menneskas trong til å skape rom i og rundt tilværet.
I meir enn tretti år har det vesle Trondheimsbaserte teaterkompaniet Cirka Teater fengsla publikum i alle aldrar med særs visuelt og tidvis også fysisk teater der dei gjennom fantastisk scenografi og nydelege visuelle bilde skapar rom for fantasien og gir oss opplevingar som sit i lenge etter teppefall. Eit utal prisar er det blitt, og nett no har produksjonen «Garage» som folk i Oslo kan sjå under Heddadagane i neste veke, fått heile to Heddanominasjonar.
Cirka Teater har verkstad og base i ein av dei gamle bunkerane på Nyhamna i Trondheim. Etter hektisk ombygging har dei nå opna «Cirka scenefabrikk» og torsdag var det uoffisiell føropning av eiga scene og premiere på framsyninga «Veien mellom huler og tårn». Produksjonen, som er mynta på barn frå seks år og oppover, har vore vist gjennom «Den kulturelle skolesekken» ei tid, men nå var det premiere for ålmenta. Og dette er så langt ifrå ei oppsetjing berre for dei yngste, for her var opplevingsrikdom og grunnlag for vidare filosofering for folk i alle aldrar.
Som alle produksjonane til Cirka Teater, er også denne særs visuell og fantasirik. I tillegg er musikken, som er komponert og blir framført av Sissel Vera Pettersen og Martin Smidt, ein integrert og viktig del av totalopplevinga. For denne framsyninga er meir ei oppleving enn ei tradisjonell teateroppsetjing. Her er inga eigentleg forteljing, men meir ei fantasifull fabulering rundt menneskas trong til å skape rom. Dei tre på scena tar til med å leike seg med bølgepapp, og raskt syner det seg at dei har heilt ulike preferansar. Anne Marit Sæther vil skape vegar for å finne fram, Janne Brit Rustad vil lage tårn for å kome seg opp og sjå seg om, og Elizabeth Piro Volan vil krype inn i ei hole, eitt av dei eldste og tryggaste romma menneska kjenner. Slik blir dei ståande som representantar for vår heilt grunnleggjande trong til å finne veg, kome oss opp og fram, og til å skape oss trygge rom. For denne meldaren, som også er arkitekt, var det godt å sjå at nokon endeleg tar tak i omgrepet «rom», eit ord som dei fleste oppfattar som eit synonym for værelse. Men rom er så mykje meir. Det treng ikkje vere definert av veggar, og ein kan oppnå romkjensle av både lys, lyd, fysiske skilje og av himmelkvelvinga. Når ein tenker seg om, vil nok dei fleste hugse kor trygt det var som barn å leike under kjøkkenbordet med duken dradd heilt ned.
Det er alle desse både fysiske og virtuelle romma, og dei opplevingane dei gir oss, som Cirka Teater utforskar. Ved hjelp av kreativ scenografi, sinnrik lysbruk, faktisk også i scenografien og rekvisittane, og ikkje minst med særs stemningsskapande musikk og vokallyd skapar dei situasjonar, undring, fabulering og draumar. Og om dette er dei ikkje åleine. Framsyninga er blitt til gjennom ei tre månaders prøveperiode saman med barn frå Ila og Lilleby skole, og før kvar framsyning tar femten nye barn del i ein workshop før dei blir med på scena i leitinga etter og utforskinga av vegar, holer og tårn.
Scenekunsten har til alle tider vore opptatt av ulike sider ved menneskelege kjensler og åtferd som kjærleik, hat, sjalusi, makt og undertrykking. Men han har i liten grad tatt opp andre grunnleggjande sider ved å vere menneske, som vår trong til å skape rom av ulik karakter. «Veien mellom huler og tårn» er ei framsyning som filosoferer over desse heilt basale sidene ved tilværet, og som gjer det på eit opplevingsrikt og undrande vis som gjer det godt å vere publikum.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 9. juni 2018.)