Kappast om å tømme havet

TEATER

KAPPLØP: Roskva og Tjalve ligg i hardtrening, men det hjelper lite når ein skal kappspringe mot tanken. FOTO: MAGNUS ROALDSET FURSET, TINGH KOMMUNIKASJON

«Tjalve og Roskva – Det store kappløpet»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Simone Thiis
Regi: Simone Thiis
Scenografi, video og kostyme: Mari Hesjedal
Komponist og lyddesign: Håkon Iversen
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Koreografi: Sigrid Edvardsson
Med: Elisabeth Topp og Dagfinn Tutturen

Det hjelper ikkje å vere best i verda når motstandaren er ein luring som nyttar ufine triks.

Den norrøne mytologien er ei rik kjelde til vidare dikting. Ettersom dei gamle gudane våre både hadde lyte og andre menneskelege trekk, egnar dei seg godt for å bli dikta inn i ungars fantasiverd. Simone Thiis har funne fram til historiene om då Tor drog til Utgard og utfordra Loke og jotnane hans til kappestrid. Med seg har han Tjalve (Dagfinn Tutturen) som er den raskaste til å springe, og systera Roskva (Elisabeth Topp) som også er rask i tillegg til at ho kan eitt og anna triks. Det kan kome godt med, for Loke er ein luring og full av juks og fanteri. Det blir difor langt frå enkelt å konkurrere når kappdrikkinga gjekk ut på å tømme havet, og kappløpet var mot tanken. Alle konkurrentane viser seg etter kvart å vere symbol meir enn reelle motstandarar.

Framsyninga er meint for ungar frå seks år og oppover, og ein kunne kanskje tru at det ikkje alltid var like enkelt for dei å forstå abstraherte situasjonar, men det såg stort sett ut til å gå bra. Og om ikkje, så var oppsetjinga så full av opplevingsrike einskildepisodar meir eller mindre på eigne bein, at alle kunne få med seg litt om ikkje alt. Tutturen og Topp spelar i tillegg til Tjalve og Roskva også eit utal andre roller, som Tor, Loke og alle jotnane som dei konkurrerer mot. Det blir mange rolleskift, og ikkje alltid like lett å følgje med, men dei to spelar så intenst og overtydande at eg trur ungane stort sett greidde det. Den tette kontakten med publikum blei etablert alt i opninga, ei løpescene som i Sigrid Edvardssons fantasifulle koreografi openbert fall i smak hjå dei unge. Og med det var det full konsentrasjon i salen.

Simone Thiis har laga ei fantasifull og mangfaldig lita fabelforteljing der ho med god hjelp av video og kreativ lyd- og lysdesign har skapt ei opplevingsrik stund for dei unge. Om dette verkeleg når målgruppa, er det mogeleg med mang ein oppfølgjar så rike som dei mytologiske kjeldene er.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. mars 2018.)

Leave a Reply