TEATER
Nordland Teater, Hovudscena
Av: Anton Tsjekhov
Omsett av: Kjell Helgheim
Regi og bearbeiding: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Martin Myrvold
Med: Liv Bernhoft Osa, Ellen Birgitte Winther, Nina Ellen Ødegård, Rune S. Løding, Lena Jacobsen Kvitvik, m. fl.
Vakkert, trist og velspela, men litt sprikande om det innhaldslause i tilværet.
Vi er i det førrevolusjonære Russland der overklassen har vanskar med å fylle livet med innhald. Tre systrer og bror deira har i elleve år budd i ein liten garnisonsby langt frå metropolane. Mora er for lengst død, og det er eitt år sia faren, som var general, også gjekk bort. Livet er eit keisamt tidsfordriv, medan alle offiserane som vankar i huset kan by på små avbrot. Systrene drøymer om noko større, og mest av alt om å flytte attende til Moskva. Draumen om eit betre liv er så universell at Anton Tsjekhovs drama framleis kan seie oss mye om menneskeleg dårskap, lengt og kjærleik.
Nordland Teater har henta inn tre særs dyktige skodespelarar som fyller dei tre systerrollene til fulle. Den eldste, Olga, (Liv Bernhoft Osa) er skulelærar og den rasjonelle, Masja (Ellen Birgitte Winther) er ulukkeleg gift med ein gymnaslærar. Ho er oppfarande, humørsjuk og tidvis infam, og forelskar seg i ein gift oberstløytnant. Yngstesystera, Irina (Nina Ellen Ødegård) er håplaust forgapt i draumen om å kome seg til Moskva. Broren deira, Andrej (Rune Løding), har intellektuelle karriereplanar og kan vere den som får dei ut og vekk, men han giftar seg med ei lokal jente og mistar etter kvart ambisjonane.
Milja Salovaara har laga nydelege og tidsriktige kostyme som er ei visuell oppleving i seg sjølv, medan scenografien hennar er enkel og stilisert og med draumen om Moskva som eit vel tydeleg fondmotiv.
«Tre søstre» er blitt ei litt sprikande oppsetjing, vakker og velspela med fire særs sterke og interessante kvinneroller, men på same tid med litt for utydelege og anonyme menn.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. oktober 2017.)