Aldri gi opp

HU, HEI!: Slik ser det ut når Danel og Ane rasar av stad med hest og karjol. FOTO: ESPEN STORHAUG

HU, HEI!: Slik ser det ut når Danel og Ane rasar av stad med hest og karjol. FOTO: ESPEN STORHAUG

TEATER

«På tvert»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Olav Duun
Dramatisering og regi: Otto Homlung
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Musikk: Asgeir Skrove
Med: Evy Kasseth Røsten og Paul-Ottar Haga

Eit intenst, velspela, og forsiktig dramatisert forteljarteater som yter Duuns historie og hans unike menneskelege innsikt full rettvise.

Etter at Dag Solstad for to år sia, i det som nærast var eit litterært drap, hevda at Olav Duun for han var framand og likegyldig, har nok Turnéteatret i Trøndelag (fram til i sommar Nord-Trøndelag Teater) kjent eit visst ansvar for å halde oppe interessa for denne nord-trønderske forfattaren som i mellomkrigstida var allemannslesnad på line med Sigrid Undset, Knut Hamsun og Johan Falkberget. Eg har sett ein del forsøk på dramatisering av romanane hans, men har førebels funne bøkene og forteljarstemma langt meir interessant. Nå har Otto Homlung tatt for seg ein av dei første romanane til Duun, «På tvert» frå 1909, og dramatisert og iscenesett den nærast som forteljarteater. Torsdag var det urpremiere i det nye teaterbygget i Verdal, og denne framsyninga var langt meir vellukka både med tanke på å yte Duuns menneskeinnsikt rettferd og med å få fram den gode forteljinga.

Mange av dei første romanane til Duun er frampeik om det han skulle skrive seinare, som i romanserien «Juvikfolke», og slik er det også med «På tvert». Boka handlar om Danel, som vi følgjer frå tidlege gutedagar og vidare gjennom heile livsløpet. Danel er litt annleis med eit høgrebein som står på tvert, men som truleg plagar han meir mentalt enn fysisk. Han er ein stabeis som må stå opp mot bygdedyr og jante, som aldri gir opp, og som greier seg forbausande bra på dei fleste hald, men ikkje i kjærleiken. Med solid innsikt i menneskesinnet målar Duun med brei pensel og fargerik palett ut historia om Danel og den håplause kjærleiken hans til Ane.

På ei tilnærma naken scene med berre hjelp av illustrerande musikk av Asgeir Skrove og diskré lysdesign av Simen Høy Aasheim, gir Otto Homlung oss eit forsiktig dramatisert forteljarteater. Berre to aktørar, Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten, og ikkje ein einaste rekvisitt. Dei to vekslar saumlaust på å fortelje og å spele, og gjennom forteljarrøysta introduserer dei oss for ulike tablå som er varsamt dramatisert. Med denne nennsame tilnærminga, og ikkje minst finstemt samspel mellom Røsten og Haga der mimikk ofte er viktigare enn fysisk spel, greier dei å formidle både historia og dei mangefasetterte menneskeskildringane. Framsyninga varar berre ein dryg time, og kunne fort ha blitt eit dramatisert resymé. Men Homlung har greidd å få fram den gode historia, halde dramaturgien oppe, og gjennom ein del ganske intense tablå gjere at denne meldaren (og kanskje fleire med meg?) får lyst til å finne attende til Olav Duuns univers. For dette var korkje framandt eller likegyldig.

(Meldinga stod i Klasse4kampen laurdag den 7. oktober 2017.)

Leave a Reply