Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Bearbeiding: Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Komponist: Erik Hedin
Med: Cato Skimten Storengen, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Ole Christoffer Ertvaag, Lars Funderud Johannessen, Alexandra Gjerpen, Svein Solenes og Marko Kanic
Det er ikkje lenger kontroversielt å modernisere klassikarane, og mye av innhaldet og intrigen i Henrik Ibsens «En folkefiende» er såpass lite truverdig i dag, at ei fornying kan vere på sin plass. Men du må ha ei meining og ein idé bak, og det er det vanskeleg å sjå at Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har hatt med bearbeidinga for Rogaland Teater.
Scenografien til Sven Haraldsson med eit hus som på dreiescena kan sjåast frå både inn- og utsida, og samstundes vekslande bruk av videoprojeksjonar, er relativt velfungerande. Men dei alt for mange og lange sceneskifta der huset dreier rundt og rundt nesten i det uendelege, er ikkje like vellukka. I Kjersti Horns regi er dei fleste rollene blitt sin eigen motsetnad, overtydelege og karikerte, og tidvis meir patetiske enn komiske. Cato Skimten Storengen spelar ein ekstremt energisk Dr. Stockmann, men har fått ei rolle som aldri blir særleg truverdig. Glenn André Kaada er nok meir overtydande som broren Peter, men har også fått alt for mye dårleg komikk å presentere. Den einaste rolla som både har alvoret og komikken i ein forståeleg og god miks, er boktrykkar Aslaksen, dyktig framført av Lars Funderud Johannessen. I eit par av konfrontasjonane mellom brørne Tomas og Peter gnistrar det også, men det greier ikkje å vege opp for ei elles ganske mislukka nytolking av «En folkefiende».