TEATER
«Vinduer»
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš i samarbeid med Hålogaland Teater
Premiere på Det Norske Teatret, scene 3
Av Veronica Salinas
Regi: Jon Tombre
Scenografi: Even Børsum
Med: Sarakka Gaup, Amalie Hyen Ju Eggen, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Beatur, Taro Vestøl Cooper og Felipe Orellana
Eit vindauge kan både vere ei opning mot verda og eit stengsel.
Det samiske nasjonalteateret Beaivváš ga publikum hakeslepp med oppsetjinga «Vidas Extremas» for eit drygt år sia, ei framsyning med tekstar av mellom andre Veronica Salinas, og som fekk ei høgst fortent Heddapris for «særleg kunstnarleg innsats» i 2016. I samband med Heddadagane (og for seint til å kome med i vurderinga for årets prisar) presenterer Beaivváš i samarbeid med Hålogaland Teater nok ei framsyning med tekstar av Salinas. Grunntemaet er migrasjon, eller meir prosaisk; forflytting, for dette kan vere så mangt, og i eit titals små, og ofte komiske tablå tar ho oss med til Argentina, Karasjok, Japan, Island og Afrika.
Framsyninga heiter «Vinduer», og Even Børsums enkle, stilsikre, men likevel særs effektfulle scenografi er ikkje til å ta feil av. Fem vindauge i ein grid med open sceneløysing bak, og der vi ganske raskt forstår at eit vindauge ikkje berre er ei opning mot verda, eller eit høve til å få lufta ut, men også eit stengsel, og ei utstilling, og stundom kombinasjonar av alt dette. Bak desse vindauga, og stundom framom, møter vi ei rekkje ulike unge menneske som har det sams at dei vil vekk og til noko anna. Gjennom gode observasjonar og tidvis særs humoristisk og språkleg sikker tekst syner Salinas oss at både det trivielle og det særs alvorlege kan bli eksistensielt for den som står midt oppe i det. Ei scene med ei ungjente som ønskjer seg til Paradise Hotel og five minutes of fame står som ein sjølvironisk kontrast på kva einskilde i overflodssamfunnet opplever som viktig i ei verd der folk rett utanfor stuedøra forsvinn og blir drepne. I den tette og særs visuelle regien til Jon Tombre blir alt dette godt tatt vare på utan likevel aldri meir enn å indikere. Og ikkje mange er i stand til å lage så lyrisk og poetisk teater som Tombre når han er på det beste. Og det er han her.
Tekstane til Salinas går frå poesi via rap til slam-poesi, bloggtekstar og meir til, og er eit oppkome av litterær leikenheit, fulle av humor og undertekst. Jamvel om det er mye fysisk spel, greier dei seks på scena å ta godt vare på orda og poesien. «Vinduer» er blitt ei framsyning som på dyktig, kontrastfylt og lyrisk vis seier vesentlege ting om både ungdom og den verda vi lever i, og det er på same tid eit sterkt politisk teater og ei visuell og vakker oppleving.