TEATER
« ≈ [tilnærmet lik]»
Teatret Vårt, Molde
Av: Jonas Hassen Khemiri
Omsett av Arne Lygre
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Thomas Bjørnager
Med: Bjørnar Liseter Teigen, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Hugo Mikal Skår, Sara Fellmann og Vivi Sunde
Humoristisk og treffsikker kritikk av kapitalismen, eit politisk teater for vår tid.
Svenske Jonas Hassen Khemiri har på stutt tid blitt ei tydeleg røyst både som forfattar og dramatikar. Den siste produksjonen, « ≈ [tilnærmet lik]» skreiv han på oppdrag frå Dramaten i Stockholm med utgangspunkt i myten om det menneskeskapte monsteret til dr. Frankenstein, og det blei eit humoristisk og kritisk blikk på eit anna monster; kapitalismen. Stykket hadde norgespremiere på Det Norske Teatret tidlegare i år, og laurdag var det premiere på Teatret Vårt i Molde.
I staden for å fortelje ei rettlina episk historie, presenterer Khemiri ei rekkje ulike forteljingar som er parallelle, men tilsynelatande utan indre samanheng. Sams er at dei på eit humoristisk vis held opp fordommar og ganske treffsikkert slår litt i alle retningar. Oppsetjinga har tidvis form av ei innføring i økonomisk historie. Mani (Bjørnar Liseter Teigen) forskar i faget og drøymer om ei fast tilsetjing. Kona Martina (Johanna Mørck) har minst like urealistiske draumar om økologisk landbruk, men overklassebakgrunnen hennar skin heile tida gjennom der ho kjempar mot «sitt sanne eg» (Sara Fellmann). Peter (Lars Melsæter Rydjord) er tiggar og bustadlaus, eller er han eigentleg det? Og Andrej (Hugo Mikal Skår) har kurs i økonomi og marknadsføring, men eit alt for langt og framandt etternamn til å kunne gjere seg håp om arbeid. Som ei blanding av forteljarteater, ein humoristisk leksjon i ulike økonomiske teoriar, samt små sketsjar der aktørane går ut og inn av eit utal roller, får vi presentert korleis kapitalismen gjennomsyrer all menneskeleg aktivitet, språk og ideologi, uakta kor frigjorte vi måtte tru vi er. På intelligent vis syner Khemiri korleis vi alle er fanga i systemet, og det toppar seg i ein parodi på eit bryllaup der dei økonomiske metaforane har tatt fullstendig over. Presentasjonen er motsetnadsfylt, og alt er berre tilsynelatande. Her kan ein ikkje tru på nokon, ingen er heltar, og hadde det ikkje vore for den gjennomgripande humoren, kunne dette ha blitt ganske dystopisk.
I oppsetjinga på Teatret Vårt, er det meste av dette tatt godt vare på. Thomas Bjørnager har laga eit scenebilde der kostyma er vel så viktige som scenografien, og der han spelar på det kontrastfylte og litt absurde kor ikkje noko er som det ser ut. Terje Skonseng Naudeers regi er tru mot teksten, og særleg personinstruksjonen og timinga hans imponerer. Det er eit uvanleg samspela ensemble som formidlar eit utal ulike roller presist, synkront og med overtydande truverd. Framsyninga går nærast i loop, og når Freja (Vivi Sunde) dukkar opp i siste akt, fell brikkane på plass og fragmenta blir ein heilskap. Vegen dit, særleg i første akt, var nok både litt omstendeleg og tidvis forvirrande, men i hovudsak er dette underhaldande, humoristisk og intelligent presentert, eit velspela politisk teater for vår tid.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. august 2016.)