TEATER
Slaget på Testiklestad
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist og musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Karl Vidar Lende, Ingrid Bergstrøm, Ole Christian Gullvåg, Mari Hauge Einbu, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson, Tore Johansen m. fl.
Det er mye snakk om kongar i «Slaget på Testiklestad», men dette er definitivt kongen av godt metateater.
Sommaren er speltid, og spela byr på mye både likt og ulikt. Personleg har eg aldri forstått kva som er så stort med «Spelet om Heilag Olav», og er for så vidt ikkje åleine om det, men likevel står regissørar og skodespelarar nærast i kø for å framføre ein inkjeseiande tekst om noko metafysisk som skjedde på nabogarden til Stiklestad dagen før slaget i 1030. I kjølvatnet av det som reknast for alle spels mor, er det blitt slik at alle stadar med respekt for seg sjølv nå må setje opp eit historisk spel for å fremje identitet og sjølvkjensle. Mye er fantastisk dugnad og også tidvis ganske bra, men i hovudsak er det relativt pompøse greier som nærast skrik etter parodiering. For to år sia skjedde det endeleg, då fire teaterentusiastar i Trondheim med hundre prosent respektløyse og nesten like mye sjølvironi sette opp ein parodi på dei fleste midt-norske spela. Det blei ein kjempesuksess, ein skikkeleg kioskveltar, og personleg var eg særs begeistra, men rekna det som eit stunt som blei gjort der og då. Om ein gjer dette til ei årviss oppsetjing, er det fort at ho berre blir nok eitt av alle dei andre spela. Full av skepsis såg eg oppfølgjaren i fjor, og måtte berre bite i meg at dette var bra. Så bra at eg braut alle gamle prinsipp om ikkje å melde same spelet meir enn ein gong kvart tjuande år. Eg avslutta meldinga med nærast å sjå fram til trearen.
I går såg eg trearen, og må berre vedgå at forfattarar og ensemble did it again. Og som eg indikerer i overskrifta, føler eg meg nok ein gong nøydd til å fortelje eventuelle lesarar om det.
Årsaka til at dette «spelet» i motsetnad til dei andre kan setjast opp år etter år, er at dei har emne og vilje til å fornye seg. På Stiklestad har dei gjennom seksti år hatt nye regissørar som vektlegg ulike aspekt i den relativt inkjeseiande teksten, eller set opp framsyninga om natta for å få ei anna stemning. Slikt skjer også med andre spel. Men dette er ikkje noka fornying, men berre ny melis og glasur på ei gamal turr kake. Slik er det ikkje på Sverresborg. Det skuldast to forhold. Forfattarane har tillit til at publikum er oppegåande menneske. Og dei har stadig noko nytt og dagsaktuelt å melde. I fjor var det flyktningkatastrofe og ein visesongar som dreiv med brunskvetting. I år er det Pokemon, brexit, kommunesamanslåing, amerikansk presidentval og mye anna. Og i botn ligg den same historia om kong Sverre som ville avkristne landet, ei i utgangspunktet minst like dårleg historie som dei fleste andre spela, men som spelar hemningslaust på nettopp det at det er ei slett historie, som er sjølvironisk så det held, og som er så meta, meta at oppsetjinga nesten kunne bli nytta som definisjon på kva metateater er.
Eg skal ikkje trøytte lesarane med omfattande resymé, men i staden linke til meldinga av den første oppsetjinga i 2014 http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/ og den andre i 2015 http://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/. Det eg har skrive i dei to meldingane står seg i hovudsak framleis. Her skal eg i staden seie litt om kva som er nytt i år.
Castinga er litt ulik frå år til år. I fjor gjorde Silje Lundblad furore med ein sjølvironisk parodi på Maria von Trapp frå musikalsuksessen Sound of Music på Trøndelag Teater. I år er dette innslaget borte, og i staden er det tre viktige nye aktørar. Ingrid Bergstrøm er Tyra som har hamna i ulukka, og som den framifrå songaren ho er, har ho fått ein flott ny song i tillegg til den vakre balladen rolla opphaveleg hadde. Mari Hauge Einbu, fersk Heddaprisvinnar for beste kvinnelege medspelar, er plassert i den tilsynelatande minst viktige rolla av alle som sufflør, men som sjølvopptatt statist med lite lokalkunnskap og enormt markeringsbehov, blir ho, saman med Olve Løseth, limet i framsyninga, ei framsyning der alt kan gå galt, og faktisk gjer det. Og så er den verkeleg kongen bytta frå kong Sverre (Brandhaug) til The King of Rock’n Roll. Tore Johansen og kona hans, Ivar Gafseth, gir ein ny og god vri til finalen, men dei to er så røynde, og har så mange kjende metaforar å spele på, at dei godt kunne ha fått høve til å ta scena heilt ut.
«Slaget på Testiklestad» er både ein ellevill parodi på spelkulturen og ein revyliknande kommentar til samtida. Så lenge forfattarane er like flinke til å vere tidsaktuelle, er det mogeleg at denne farsen kan bli framført i årevis framover. I år var reklameavbrotet ein humoristisk kommentar til både kommunereforma og den amerikanske valkampen. Godt og fargerikt framført, men ikkje heilt forløyst. Eit litt surmaga lesarinnlegg i Adresseavisen om nettopp «Slaget på Testiklestad» fekk ein nydeleg kommentar i form av eit avvæpnande barnekor, og elles var ensemblet innom både tiggarar, Midt-Nytt, brexit, Pokemon og andre aktuelle fenomen.
For den som har sett alle tre årgangane, er det sjølvsagt mye vi har høyrt før, men med stadige overraskingar og små endringar, dagsaktuelle kommentarar, og ikkje minst den elleville og nesten ekstatiske spelegleda, trur eg at eg personleg godt kan tole nokre år til.
PS.
Rykta om at neste års oppsetjing er flytta til Detlistua i Disney World i Orlando, Florida er førebels ikkje stadfesta.
[…] den andre i 2015 http://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/, og den tredje i 2016 http://amund.info/2016/08/slaget-pa-testiklestad3/. Det eg har skrive i desse tre meldingane står seg framleis. Her skal eg i staden seie litt om kva […]