Om å bry seg

TEATER

LAGNAD: I dette trongbudde gamle huset møter vi fem ulike arbeidarklassekvinner. FOTO: GISLE BJØRNEBY

LAGNAD: I dette trongbudde gamle huset møter vi fem ulike arbeidarklassekvinner. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Vestregata»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Maja Bohne Johnsen
Regi: Ingrid Forthun og Nina Wester
Scenografi og kostyme: Dordi Strøm
Med: Maria Bock, Guri Johnson, Kristine Henriksen, Pernille Dahl Johnsen, Anethe Alfsvåg m. fl.

Om draumar og lengt hjå sekstitalets arbeidarklassekvinner.

 

Sekstitalet har fått eit slags eksotisk stempel som hippietid, ungdomsopprør og beatmusikk. Men tiåret var mye meir. Det var rett nok slutt på etterkrigstidas vareknappheit og rasjonering og det var framtidsoptimisme. Men framleis var velferdsstaten i støypeskeia, det var store sosiale skilnadar, og dårlege bustadvilkår var vanlegare enn vi liker å hugse. Dette og mye meir har Maja Bohne Johnsen tatt tak i når ho har skrive sosialrealistisk om ein handfull arbeidarklassekvinner som bur i eit kommunalt husvære i Vestregata i Tromsø. Det er kvinnehistorier og kvinneperspektiv, og for ein gongs skuld er mennene berre kulissar.

I dette gamle huset som i Dordi Strøms effektfulle scenografi er gitt stor grad av autentisitet, møter vi fem særs ulike kvinnelagnader. Hovudpersonen er åleinemora og syerska Johanne (Maria Bock) som ikkje har det så greitt. Vi følgjer henne og dottera Synnøve gjennom heile tiåret frå jenta er seks til ho fyller femten. Ei oppvakt og omsorgsfull jente må vere vitne til at mora gradvis går under, ei mor som ser syner, går ute om natta, og som ei Ingerid Sletten, har ei enorm lengt i seg der ho syr og syr på ein blå kjole til den dagen og den draumen. Nabokvinnene er fembarnsmora Grete (Kristine Henriksen), Helga (Guri Johnson) som er særs tøff i trynet, men ikkje på heimebane, den djupt religiøse Angel (Anethe Alfsvåg) og Gunda (Pernille Dahl Johnsen) som livet har gått frå. Det er frodige og mangefasetterte damer som har sitt vesle kosmos i Vestregata jamvel om det store bakteppet er Gerhardsen, Kennedy og Khrusjtsjov. Nokre av damene har også menn, men dei er usynlege og berre statistar i dette kvinnesamfunnet sjølv om avgjerdene deira heng som ei tung og klam presenning over det heile. Det er openbert langt igjen til kvinnefrigjeringa.

Det er trongt og lydt i Vestregata, og slik sett lite privatliv. Alle høyrer og veit alt, og i dette ligg vel kanskje den eigentlege tematikken i denne oppsetjinga. Alle veit og alle bryr seg. Til eit visst punkt, men berre dit. Kunne ein ha gjort meir? For Johanne blir etter kvart tvangsinnlagt og dottera sendt på barneheim utan at nokon grip inn.

Maja Bohne Johnsen har sett seg føre eit spennande prosjekt, og dette perspektivet på sekstitalet er ganske uvanleg. Men prosjektet er diverre eit stykke frå å lukkast. Framsyninga er bygd opp som ein breitt pensla sosial roman som også har mye av folkekomedien i seg. Gjennom ei rekkje tablå møter vi dei ulike kvinnelagnadane. Men sjølv om det viktigaste dreier seg om Johanne og dottera, har Johnsen alt for mye anna å fortelje utan å greie å avgrense seg. I Nina Wester og Ingrid Forthuns regi blir mye føreseieleg. Tablåa blir for mange og stutte, og dermed ofte overspela, og vi greier aldri å kome under huda på nokon, med eitt unnatak. Paradoksalt nok er det framtida, dottera Synnøve, som er den einaste heilt truverdige og som faktisk har fått mest å spele på. Dette blir ytterlegare forsterka ved at dei to frå «Lille Hålogaland Teater» som spelar jenta som ti- og femtenåring, leverer heilt utruleg gode rolletolkingar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 30. april 2016.)

Leave a Reply