TEATER
«Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet »
Trøndelag Teater, Studioscena
Basert på tekstar av Lisa Lie
Dramatisering: Ole Johan Skjelbred og Elisabeth Egseth Hansen
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Karl-Vidar Lende og Hildegunn Eggen
Ei eventyrleg reise gjennom Lisa Lies mangfaldige univers.
Ole Johan Skjelbred hausta stor fagnad då han for to år sia sette opp Herman Melvilles «Moby Dick» og Arne Lygres «Dager under» på studioscena på Trøndelag Teater. Med «Moby Dick» greidde han også å redusere manuset frå 750 til 42 sider utan på noko vis å gå på akkord med innhaldet. Nå er han attende på same scene og i same ærend når han med utgangspunkt i tekstar av Lisa Lie har laga ei oppsetjing med den uhandterlege tittelen «Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet». For dei som etter kvart er blitt fortrulege med og glade i Lies univers, er dette blitt eit gjenkjenneleg, men likevel nyskapande teater som er forbausande tru mot opphavet.
Utgangspunktet er ei rekkje tekstar av Lisa Lie. Som ofte elles, hentar ho historier frå folkeeventyra. Den største utfordringa denne gongen er at tekstane i liten grad heng saman, og at det ikkje er noko tydeleg narrativ. Men på eit forunderleg vis har Skjelbred og dramaturg Elisabeth Egseth Hansen greidd å sy tablåa saman til ei slags forteljing, og i tillegg skapt ei rekkje nye situasjonar. I den grad det er noka historie, møter vi Rød, Snø og Dø i ein slags parafrase over Rødhette og Ulven. Rød (Kathrine Thorborg Johansen) og Snø (Karl-Vidar Lende) er siamesiske tvillingar, og ved ei eller anna stor og uforklarleg ulukke blir dei skilt. Rød veks opp med bestemora (Hildegunn Eggen) medan Snø blir sendt vekk og endar som prostituert. Banda er likevel sterke, og etter lang tid møtest dei att for å freiste å vekse saman. Det går sjølvsagt ikkje bra.
Men denne oppsetjinga er så frodig, mangefasettert og oppfinnsam at historia om Rød og Snø knapt er meir enn eit rammeverk. I dette universet, der det meste blir snudd og vrengd, får vi kanskje mest eit usminka bilde på det kaotiske livet og korleis det kan arte seg for menneska. Slik sett er det djupt eksistensielle saker som blir presentert, men i denne i dobbel tyding særs hårete framsyninga, må du ikkje leite etter meining, men i staden la deg rive med i assosiasjonsrikdomen, metaforane og humoren. Lisa Lie er kunnskapsrik og klassisk skolert, så her er eit utal referansar til alt frå Platons tekstar om det androgyne mennesket til det litterære og populærkulturelle.
Ole Johan Skjelbred har sjølv stått for scenografien som i hovudsak er særs mye hår, men som på enkelt og kreativt vis skapar dei naudsynte romma. Personinstruksjonen hans er framifrå, og dei tre på scena er i toppslag. Hildegunn Eggen syner nok ein gong at ho er ein av landets beste skodespelarar, og denne gong i ei rolle som er langt frå det vi er vande med. Når ho deklamerer ein del av lyrikken og onelinerane til Lie, er dei små frodige gåver til publikum.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. april 2016.)