Ein juledystopi

 

JARNKVINNE: Carol (Nina Ellen Ødegård) er knallhard og kjenslekald, ei blanding av Thatcher og Scrooge. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«A Christmas for Carol»
Rogaland Teater, Hovudscena
Etter «A Christmas Carol» av Charles Dickens
Nyskrive og regissert av Yngve Sundvor
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Christina Lovery
Videodesign; Reidar Richardsen
Med: Nina Ellen Ødegård, Even Stormoen, Anders Dale, Ole Christoffer Ertvaag, Helga Guren, Roar Kjølv Jenssen, Mette Arnstad, Glenn André Kaada, Lars Funderud Johannessen m.fl.

Noko så sjeldsynt som ei juleframsyning for vaksne som i tillegg er særs godt teater.

Det finst eit utal juleframsyningar, og nesten alle er laga for barn. Og for mange er nok «Ei juleforteljing» (A Christmas Carol) av Charles Dickens den ultimate. Novella hans om Londons fattige på 1840-talet og om den søkkrike og kjenslelause Scrooge som mellom anna gav ideen til Disneys Onkel Skrue, blir framleis sett opp over heile verda når det nærmar seg jul og det er tid for å vise medkjensle og omsut for kvarandre. Rogaland Teater og Yngve Sundvor har tatt tak i historia til Dickens, modernisert henne og laga ei ny forteljing for vaksne, ei oppsetjing som er leiken, humoristisk, litt surrealistisk, intelligent, velspela, og rett og slett særs godt teater.

Vi er i ei postapokalyptisk verd som kan vere nærare enn vi trur, og etter at «Den Store Krisa» har råka oss. Det heile opnar ved at forteljaren (Even Stormoen) set seg ved pianoet, framfører introen til «American Pie» og avsluttar når han kjem til «the day the music died». Det er så avgjort der vi er. Her er det knapt om alt, teknologien fungerer ikkje lenger, fattigdomen er altomfemnande, og på mange vis er vi sett attende til Dickens’ 1840-tal. Men framleis finst det nokre få ekstremt rike. Ei av dei er Carol Stendahl (Nina Ellen Ødegård), ei knallhard forretningskvinne som foraktar alle andre enn seg sjølv, ei humørlaus og kjenslekald dame. Det nærmar seg jul, og som hjå Dickens blir Carol heimsøkt av andar som held opp livet for henne i retrospekt og alle vala ho har gjort. Og som i originalen, endar det sjølvsagt godt når det syner seg at bak den steinharde fasaden er det likevel eit hjarte, sjølv om det var langt inn til det. Men det er ikkje den lukkelege slutten, men vegen dit som gjer denne framsyninga så vellukka. Med aukande miljøproblem er ikkje den dystopiske settinga umogeleg, og det spesielle ved Sundvors nye univers er at medan dei fattige på Dickens’ tid ikkje visste av noko anna, hugsar alle i denne moderniserte versjonen at verda kan vere heilt annleis og langt meir rettvis. Det gjer faktisk situasjonen mye råare.

På eit leikent og særs humoristisk vis, med ein god porsjon surrealisme, og gjennom framifrå  ensemblespel tar Rogaland Teater oss gjennom ei sivilisasjonskritisk og ganske politisk historie utan på noko vis å moralisere. Med god og oppfinnsam bruk av populærmusikalske referansar, og med eit uvanleg godt samspel mellom scenografi og videodesign som gjer framsyninga til også å bli ei lekker og visuell nyting, greier dei å lage både god underhaldning og eit tankevekkjande og politisk teater.

Trass i at dette er godt ensemblespel, må det likevel vere lov å framheve Nina Ellen Ødegårds steinharde og særs gode tolking av ei jarnkvinne som ikkje let seg affisere av noko anna enn eiga vinning, ei kvinne som er langt kaldare enn originalen, Scrooge. Det er difor ei stor bragd når Ødegård etter kvart, lag for lag, og heilt truverdig, let Carol innsjå at det likevel er eit samfunn der ute, og at vi kollektivt, – også ho, – er ansvarlege for det. Og tru det eller ei, – eg kom faktisk i god julestemning av denne framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. november 2015.) 

Leave a Reply