TEATER
«Dager under»
Ein co-produksjon av Ferske scener, Hålogaland Teater og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
Hålogaland Teater, Scene øst
Av Arne Lygre
Regi: Kristin Bjørn
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Lysdesign: Tobias Leira
Lyddesign: Amund Sjølie Sveen
Med: Bernt Bjørn, Mary Sarre, Kristine Myhre Tunheim og Kristoffer Veiersted
Kven er det som definerer skilnaden på hjelp og overgrep?
Arne Lygre er for lengst ein stor og veletablert dramatikar ute, først og fremst i Europa. Å bli profet i eige land har tatt langt meir tid, men nå er det mye som tyder på at muren er broten. I vår sette Den Nationale Scene i Bergen opp «Ingenting av meg», den første produksjonen deira av bysbarnet Lygre, og seks år etter publisering var det norgespremiere på «Dager under» på Trøndelag Teater i fjor haust. Nå har også Hålogaland Teater (i samarbeid med Ferske scener og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš) sett opp dette dystre dramaet som etter at teksten blei publisert i 2008 er innhenta av røyndomen og blitt langt meir verkeleg enn Lygre truleg såg for seg.
«Dager under» handlar om den velmeinande, men samstundes ganske forstokka «eigar» som har sitt eige filantropiske prosjekt for, om ikkje å redde verda, så i alle fall å redde einskildpersonar. Menneske av ulike slag, stort sett kvinner og utstøytte, blir henta inn til husværet hans der han har ein lydisolert kjellar kor han held kvinnene fanga for å hjelpe dei ut av det han ser som problemet deira. Kva det er, er litt uklårt både for oss og «eigar». I ettertid kan ein lese inn både Fritzl og Breivik i dette dramaet, og her er også parallellar til Stockholmsyndromet og saka med bortføringa av Patty Hearst på syttitalet. Det første offeret hans, «kvinne» har etter kvart identifisert seg så mye med det skakkøyrde prosjektet hans at ein skulle tru prosjektet var vellukka. Vi kjem inn når han tar inn «jente» og etter kvart også ein gut, «Peter», og alt tar til å rakne.
Arne Lygre nyttar eit særeige scenespråk som går føre seg på to nivå der mye av teksten også er ei scenetilvising. Skodespelarane både spelar rollene sine, og seier kva dei skal gjere, utan alltid å gjere det. Det er eit forteljarperspektiv som gir dramaet fleire nivå, og som både kan verke forvirrande og samstundes gi rom for fleire tolkingar. Og her går ein også ut og inn av kva som er røyndom og ikkje. I opningsscena seier «kvinne»: «I denne historien er virkeligheten langt unna.» før ho held fram: «Og likevel. I denne historien er alt virkelig». Og det er akkurat i dette spennet mellom røyndom og fiksjon at dette dramaet er så fascinerande. Og det er også her Kristin Bjørns regi er mest vellukka.
Scenografien illuderer ein betongbunker med ei trapp opp til det som kan vere fridomen. Samstundes får vi inntrykk av å vere i husværet til «eigar» og at bunkeren er under oss. Slik spelar også scenografien opp under dette uklåre og litt forvirrande. Men uhygga hjå «eigar» er ikkje til å ta feil av. Ved hjelp av eit åttitals basshøgtalarar som publikum sit på, kjenner vi heilt fysisk og særs tydeleg ubehaget i settinga. Dette er i høgste grad realistisk, men sjølv om spelet også er formidla i ei særs realistisk form, endrar ting seg gradvis slik at vi etter kvart blir litt usikre fordi, som «kvinne» indikerte i opningsscena, røyndomen er langt unna, og kanskje skjer alt på scena i ei draumeverd. Dette er både ei sterk side ved manuset, og godt tatt vare på i regien.
Spelet startar særs avslappa, men blir ganske raskt meir intenst. Bernt Bjørn som «eigar» er den avslappa psykopaten med klokkartru på sitt eige prosjekt, og saman med Mary Sarre som «kvinne» blir det eit ganske tett og forbausande forståeleg spel. At alle aktørane også spelar ganske direkte på publikum og set augo nådelaust i oss, forsterkar det fysiske ubehaget i oppsetjinga.
«Dager under» i Kristin Bjørns regi er ein særs dystopisk og svart produksjon som gjennom effektfull bruk av lyd understrekar handlinga og byggjer opp både under spørsmålet om skilnaden på hjelp og overgrep, og om dette er fiksjon eller røyndom. Mi viktigaste innvending er at framsyninga har nokre dramaturgisk problem ved at ho nok flatar litt ut etter kvart og mister ein del av den fengslande intensiteten frå første halvdel.