TEATER
Trollmannen fra Oz
Union scene, Brageteatret, Drammen
Basert på romanen av L. Frank Baum
Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann
Scenografi: Paul Garbers
Kostyme: Helena Andersson
Med: Tiril Heide-Steen, Hedda Sandvig, Martha Louise Kjørven, Cecilie Lundsholt, Espen Mauno, Jan Egil Engnes, Mats Holm Ernstsen, Knut Steen
Ei fysisk teaterreise som krev aktiv deltaking.
Brageteatret i Drammen har sett opp «Trollmannen fra Oz» som interaktivt barneteater, og det er blitt både ein ganske annleis og samstundes særs vellukka produksjon. I staden for at vi passivt sit i salen og følgjer Dorothy frå Kansas til Oz og så attende att, tek ho oss med som aktivt reisefølgje. Dorothy drøymer om å bli stjerne, og her oppdagar ho med eitt at ho har fått eit stort publikum, grip sjansen og let oss både bli med på reisa der ho møter fugleskremsel, blikkmann og løve, bli del av framsyninga, og dermed ein viktig premiss for at det til slutt går bra. Slik er dette blitt metateater for dei yngste, ei form som inneber stor grad av abstraksjon, men som ungane tek på strak arm.
Union scene er bygd om til mange små rom og opplevingar, knytt saman av den gule vegen vi alle må følgje. Tiril Heide-Steen er ei særs truverdig og spill levande Dorothy, og på turen hjelper vi henne så godt vi kan med alle utfordringane ho møter. Det er eit lite ensemble som spelar eit utal roller, og det er imponerande kor saumlause om-maskeringane og rolleskifta skjer. Ettersom dette er så interaktivt, gir ensemblet også godt rom for deltaking frå oss i reisefølgjet. Kostyme og masker er fantasifulle og fargerike, og scenografien er særs mangslungen sjølv om han kan verke litt heimesnikra. Men det gjer ikkje noko så lenge han berre skal trigge fantasien, og ikkje vere den endelege illustrasjonen i seg sjølv.
«Trollmannen fra Oz» blir spela fram til 23. november. Ettersom Dorothy berre har plass til 30 personar i følgjet sitt, kan det bli knapt om billettane.
(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 11. november 2014.)