Ung til sinns

TEATER

BRIDGE: Eit kortspel som heile tida kjem til kort. FOTO: OLE EKKER

I grevens tid
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Carin Mannheimer
Omsett av Elisabeth Egseth Hansen
Regi, scenografi og kostyme: Eli Sørensen
Med: Helle Ottesen, Ragnhild Sølvberg, Kine Bendixen, Jan Erik Berntsen og Tore B. Granås

Sjarmerande og underhaldande om den nye eldregenerasjonen. Men heller ikkje så mye meir.


Vi lever lenger, og mange i den nye eldregenerasjonen nektar å ta innover seg at dei er gamle sjølv om både alzheimer, inkontinens og flatulens er blitt vanlege omgrep i kvardagen deira. Den snart åttiårige svenske regissøren og forfattaren Carin Mannheimer har tatt generasjonen på kornet og skrive eit sterkt sjølvironisk, tragikomisk, galgenhumoristisk og underhaldande stykke om tre venninner i det som Flettfrid ville ha kalla langt framskriden alder, og om korleis kvardagen artar seg for den generasjonen som alltid har insistert på å vere ung, men som likevel opplever at å gå i gravferder er blitt livets sosiale høgdepunkt.

Vi er heime hjå Marianne (Helle Ottesen) som har vore enke i mange år, og som nå merkar at manglande minne blir eit stadig aukande problem. Kvar måndag kjem dei to venninnene hennar, Lise og Solveig (Ragnhild Sølvberg og Kine Bendixen) for å ete lunsj og drikke vin, og for å spele bridge om dei berre hadde vore fire. Inn i denne settinga dukkar etter kvart enkemannen Per (Jan Erik Berntsen), og den kommunale handymannen Fredrik (Tore B. Granås) opp. Framsyninga er bygd opp av tablå rundt desse måndagsmøta og andre hendingar heime hjå Marianne, og blir presentert som ein tett salongkomedie der replikkane sit like laust som låtten hjå publikum, der det er mye kunnskap, sjarm, ironi og sjølvironi, og også ein god porsjon varme.

Carin Mannheimers tekst (i god munnleg omsetjing av Elisabeth Egseth Hansen) er innsiktsfull, og får godt fram mye av den ufriviljuge komikken som kan vere typisk for den som tar til å gløyme, eller på anna vis blir synleg gamal. Alt dette er gjort med humor og varme, og utan å bli utleverande. Særleg er Marianne blitt ei mangefasettert dame som Helle Ottesen gestaltar med stor autoritet og innleving. Ho er rappkjefta, infam, openbert kunnskapsrik, men også særs dårleg til å hugse. Det blir mye både tilsikta og ufriviljug humor av slikt. Men teksten har openbert ambisjonar om noko meir enn berre å vere rein underhaldning, og på det området lukkast ikkje denne produksjonen.

Mellom alle dei artige replikkane finst det også djupt, og tidvis ganske tragisk alvor. I Eli Sørensens regi er ikkje denne vekslinga godt nok tatt vare på, og dramaturgien haltar, sceneskifta kjem brått og uventa, medan mye anna blir alt for tydeleg. Helle Ottesens Marianne er ein særs truverdig person, og sjølv om handymannen er både sjarmerande og til å tru på i starten, blir han etter kvart ein ganske føreseieleg karikatur, og slik er det også med dei to venninnene. Stereotypiane blir for openberre. I staden for å stole på tekst og publikum, har vi fått ein regi som gjer det meste litt for tydeleg, og som i tillegg nesten gnir det inn med eit musikkval som ikkje overlet særleg mye til fantasien. Men god underhaldning var det.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. mars 2014.)

Leave a Reply