TEATER
Amadeus
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av Peter Shaffer
Omsett av Morten Kjerstad
Regi: Ivar Tindberg Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Anette Werenskiold
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Svein Harry S. Hauge, Espen Mauno, Trude Øines, Marius Lien, Maryon Eilertsen, Bernt Bjørn, Kristian Fr. Figenschow jr. med fleire.
Som ein Herostratos gjer Antonio Salieri seg udøydeleg ved å regissere mytane rundt Mozarts død. Men det tok litt tid før han kom dit.
Då Wolfgang Amadeus Mozart døydde berre 35 år gamal, oppstod det ein myte om at historias største musikalske geni eigentleg blei forgifta av erkerivalen Antonio Salieri. Alexander Pushkin skreiv om dette alt i 1830, og 150 år seinare fekk historia ny aktualitet då den engelske dramatikaren Peter Shaffer skreiv «Amadeus» som fem år etter blei udøydeleggjort av Milos Foreman med den Oscarvinnande filmen med same namn.
Ytre sett handlar historia om det keisarlege Wien på slutten av 1700-talet der den italienske komponisten Antonio Salieri (Svein Harry S. Hauge) er hoffkomponist. Han er ein danna og velskolert mann som feirar store musikalske triumfar jamvel om han veit med seg sjølv at det han skriv er ganske middelmåtig. Så kjem det unge geniet Mozart (Espen Mauno) til byen, og om ikkje alle andre ser genialiteten hans, er det openbert for Salieri at her har han sin overmann. Dette er ein situasjon dei fleste fagfolk før eller seinare vil oppleve. Middelaldrande menneske med god utdanning og mye røyndom ser med eitt at det kjem ein pur ungdom som kan alt det du kan, – og meir til. Kva gjer ein då? Er ein stor nok til å erkjenne talentet? Eller vil ein halde vedkomande nede ved hjelp av hersketeknikkar og det som verre er. Salieri vel det siste, og gjer alt han kan for å stikke kjeppar i hjula for det unge geniet. Når Mozart døyr dryge ti år etter at han kom til Wien, er difor dødsårsaka noko uklår. Men det er ikkje det viktigaste.
I form er historia presentert som ein komedie med eit karikert og overspela keisarleg hoff, og der Mozart sjølv er ein naiv og infantil spjert som stundom er meir opptatt av tiss og bæsj enn keisarbyens etikette. I tillegg er han så påståeleg og sjølvsikker på eigen genialitet at han kan verke ganske ufordrageleg. Hovudpersonen og forteljaren er Salieri som presenterer historia delvis i retrospekt, og med både stor sjølvinnsikt og mange samvitskvalar. «Tidenes musikalske krimgåte», skriv teatret i vaskesetelen, og kunne ikkje gi meir villeiande reklame. For dette er ikkje ei krimgåte, men handlar om korleis ein handterar talent og genialitet. Og for Salieris vedkomande gjeld det også hans forhold til Gud der han etter kvart tar eit inderleg og endeleg oppgjer med ein skapar som er så urettvis at han ikkje kan unne Salieri i det minste ein einaste komposisjon som vil stå seg. Dette er framsyningas dramaturgiske høgdepunkt, og i Ivar Tindbergs regi er det først her at ho finn si endelege form. Etter ei litt omstendeleg første akt der det er noko uklårt kor Tindberg vil, blir resten for meg ein rein parademarsj.
«Amadeus» er ei storslått oppsetting med påkosta og flotte kostyme, og ikkje minst ein spektakulær og særs velfungerande scenografi. Svein Harry S. Hauge står etter kvart fram med den naudsynte autoriteten, og er ikkje berre den narrative, eller den middelmåtige som innser eigne nederlag, men også pedagogen som gjennom utallege musikalske innslag gir oss døme på Mozarts genialitet. Han regisserer det heile, og når han i finalen vel å gjere som Herostratos, syner han på eit vis også eigen genialitet for å sikre evig liv.
(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 19. februar 2014.)