Undertone
Konsept: Sidney Leoni
Utvikla i samarbeid med: Andros Zins-Browne, Guillem Mont de Palol, Luis Miguel Félix, Manon Santkin, Marcus Doverud, Peter Lenaerts m.fl.
Med: Amanda Apetrea, Andrea Csaszni Rygh, Christina Vantzou, Eliisa Erävalo, Ingrid Rusten, Ivar Furre Aam, Ludvig Daae, Manon Santkin, Martin Lervik, Sidney Leoni, Mariana My Suikkanen Games, Rami Jawhari Jansson
Lyddesign: Peter Lenaerts
Luktdesign: Laurent David Garnier
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Synet gjer oss blinde. Det er i mørkret du verkeleg kan sanse.
Den franske koreografen og scenekunstnaren Sidney Leoni gjestar Trondheim med ei framsyning som går føre seg i stummande mørke. Etter ein liten introduksjon i testing av det sanselege ved å sjå, kjenne og smake på litt vatn i eit beger, blir vi ein og ein geleida inn i salen som denne gongen verkeleg er ein black box, og der alt er svart som i natta. I dette litt spooky og ukjende, blir vi stua saman som sild i tønne, og når alle går inn i mørkret, går vi også inn i våre eigne, private univers. Medan vi står rett opp og ned, tar ulike ting til å skje. Det er folk som dyttar på deg, kjenner på deg, sprutar på deg og meir til utan at eg skal gå i detalj. I mørkret blir alle sansar skjerpa, og du kjenner brått både sveittelukt, og andre luktar, høyrer lyder du elles ikkje ville ha oppfatta, og merkar med eitt at du har eit langt meir finstemt sanseapparat enn du trur.
I starten var det uråd å vite om det var andre publikummarar eg dulta borti, eller om det var ein eller fleire av dei tolv medverkande. Etter kvart kjende eg forskjellen, og forstod at her var det langt meir koreografi i mørkret enn ein kunne tru var mogeleg. Det var tidvis folk tett på meg på alle kantar, høgt og lågt og relativt intimt, og det merkelege var at sjølv om dei invaderte privatsfæren på eit vis eg i andre samanhengar ikkje ville ha likt, var dette berre spennande og særs sanseleg. Eg følte meg aldri invadert. Tvert om var eg på eit vis inkludert i noko eg ikkje visste kva var. Samstundes gjekk tankane. I nesten ein time utan å sjå, men med alle andre sansar på vidt gap fekk både tankar og fantasi næring. Assosiasjonane var mange, og Leone tok meg med på ei reise i og ut av meg sjølv som blei svært personleg, men som samstundes fungerte nesten terapeutisk. Eg gjekk ganske skeptisk inn, og oppstemt ut.
Å vere publikum i ein slik produksjon er langt meir krevjande enn å sjå eit vanleg titteskapteater, men så uendeleg mye meir givande. Samstundes trur eg det er få teaterproduksjonar som gir så ulike og individuelle, for ikkje å seie private opplevingar. Det var ei personleg og særs sanseleg reise det var godt å bli tatt med på.