TEATER
Alle tiders julebord
Av og med Adamseplene
Regi: Adamseplene og Nora Evensen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Olve Løseth, Esther Buchmann, Ole Jonas Storli og Kjersti Tveterås Trøndelag Teater, Gamle scene
Eit sosiologisk djupdykk i fenomenet julebord, ei reise i fordommar, førjulsfyll, humor og tristesse, og i ei vakker musikalsk innpakking.
Det går mot jul, forventingane er store, og det gjeld ikkje berre blant dei minste. Den institusjonen vi kallar julebord, får elles ganske nøkterne menneske til å ta fram sider dei færraste av oss visste vi hadde, og det som skal vere eit hyggeleg samvær mellom gode kollegaer, kan ofte ende i reine frustrasjonsseminar. Dette merkelege fenomenet har lenge ropa etter eit sosiologisk djupdykk, og på Trøndelag Teater får du fram til jul ein både humoristisk og trist presentasjon av eit julebord som kanskje ikkje er heilt typisk. Eller?
For rundt femten år sia dukka gruppa «Adamseplene» opp. Den bestod av Klaus J. Sonstad, Ivar Nergaard og Hans Petter Nilsen, og dei sette skråblikk på mannsrolla og synte oss menn som menstruerte og som kravde å få vere hormonelle. I 1999 tok gruppa tak i julebordet som fenomen, og blant andre gjestar på Blue Garden fekk vi sjå eit lite tremannsfirma som skulle ete og drikke opp overskotet sitt. Det utvikla seg til eit musikalsk, humoristisk og relativt rølpete show med mye fyllehumor.
Adamseplene har etter dette gått kvar sine vegar, men Nilsen og Nergaard har halde fast ved julebordet, vidareutvikla konseptet, blitt tatt inn i varmen på Trøndelag Teater, og annakvart år gitt oss ei nyskriven oppsetting der vi møter den vesle dobørsteverksemda Lager & Angeros og firmaets to tilsette. Kjell Rune Fjøstoft (Ivar Nergaard) er administrerande direktør, glatt sunnmøring med ein ørliten kulturell kapital, men langt mindre enn han sjølv trur, og med ufordragelege meiningar når alkoholen får han på glid. Og det er Svein Berg (Hans Petter Nilsen), lagersjef og ein heilt vanleg mann som slit med metaforane, er noko stakkarsleg, men kanskje både difor, og fordi vi alle kan kjenne oss att i han, eit menneske til å bli skikkeleg glad i. Frå å vere overflatisk førjulsmoro og fyllehumor, har dette over år fått utvikle seg til å bli noko langt meir. I utgangspunktet er det framleis først og fremst god underhaldning, komplettert med kjend julemusikk i tradisjonen frå Frank Sinatra til Nat King Cole. Men dei to i Lager & Angeros er også blitt komplette og interessante personar som det er spennande å sjå baksida av. I tillegg har Nergaard og Nilsen laga ei intelligent utforsking av kva publikum kan tole av bad taste. Vi kan le av det meste, men det går alltid ei grense. Denne gongen har dei med seg ein homofil kelner (Olve Løseth), ein blind pianist (Ole Jonas Storli) og ein jødisk singer/songwriter (Esther Buchmann), og her ligg det sjølvsagt duka for å boltre seg i fordommar om homsar, jødar og blinde. Noko er harmlaus moro, men anna er berre ekkelt og motbydeleg, og det toppa seg i ei fråsegn frå Fjøstoft som fekk det til å bli fullstendig stille i salen.
Om teksten er ny, er ramma den same som før. Dei to skal ete, drikke og hygge seg, det er ein kelner som dei plagar livet av, og det er nokre dyktige musikarar som freistar å spreie julestemning. I år dukka også Kjersti Tveterås, «Farmen-Siwi», opp. Ho hadde vore på TV og hatt sine five minutes of fame, og opplevde tomromet etterpå. Slik tek oppsettinga opp kvardagsfenomen og kommenterer dei både med skråblikk og humor, og denne gongen var det også både referansar til, og syrleg kritikk av Trøndelag Teater.
Dei siste juleborda har Adamseplene halde i Teaterkafeen på teatret. Salongen gav autentisitet ved at vi satt ved kafébord og var alle i same båt. Dyktige musikarar underheldt medan ufine avbrot og kommentarar øydela mye av stemninga. Settinga var til å kjenne seg att i. Men suksessen har vore formidabel, det har vore utselde hus, og i år har teatret difor flytta julebordet inn på Gamle Scene der det sjølvsagt er plass til fleire, men der alt for mye har gått tapt på vegen. Vi blir publikum i staden for ufrivillige deltakarar, Adamseplene får problem med å forklåre settinga, og intimiteten blir borte. I tillegg forsvinn mye av underteksten, tvisynet og tristessen kjem ikkje så godt fram som før, og frå å vere heile menneske som vi kan forstå og nesten bli glad i, blir Fjøstoft og Berg nå i langt større grad nokon vi berre ler av, og ristar på hovudet over. Det er framleis god underhaldning, men diverre ikkje så veldig mye meir. Men finalen står støtt der alle går ut av rollene sine og framfører «Fairytale of New York» i ei glitrande omsetting til trøndersk av Klaus J. Sonstad og Hans Petter Nilsen, ein song som summerar opp både julas draumar og jævelskap.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. desember 2012)