Barnleg undring

DANS

UNDRING: I verdsrommet opnar det seg mye ein kan utforske og undre seg over. FOTO: INCLUSIVE DANCE COMPANY

Space me
Konsept og regi: Tone Pernille Østern
Koreografi: Tone Pernille Østern , Arnhild Staal Pettersen og Mari Flønes
Scenografi: Gilles Berger
Videoscenografi: Pekka Stokke
Musikk: Luis Della Mea
Med: Arnhild Staal Pettersen og Mari Flønes
Inclusive Dance Company
Teaterhuset Avant Garden

Det er særs sjeldan å få oppleve ei framsyning der totalopplevinga i så stor grad er ein syntese av likeverdige danse- og teatertekniske ingrediensar og som er så saumlaust samansmelta til eitt overordna heile.

Kven har vel ikkje stått under stjernene i barnleg undring over det ufatteleg store himmelrommet og over det uforståelege ved at noko er uendeleg. Romfartseventyret og scifi-litteraturen har gitt nokre svar, men for dei fleste av oss har dei vel berre trigga fleire spørsmål. Men det får bli med det, for ei reise i rommet er nok berre for dei få, og ei intergalaktisk romferd er førebels berre ein fjern draum.

Men så inviterer Inclusive Dance Company nettopp på ein snartur ut blant galaksar bortom vår eigen mjølkeveg. Saman med scenografen Gilles Berger har dei laga ei særs visuell framsyning som ikkje gir eit einaste svar, men som kjenslevart og vakkert tar vare på akkurat den barnlege undringa vi alle kjenner under stjernene.

Eg er ingen kjennar av dans, og eg har korkje språk eller kunnskap til å seie så mye fornuftig om uttrykksmåtar, det tekniske eller semantikken. Men eg veit når noko er vakkert og rører ved meg, og også når rørsle, lyd, lys, scenografi og spel smeltar saman til eit heile som gjer noko ved meg. Slik var denne framsyninga.

Gilles Berger frå Cirka Teater er ein av landets beste og mest kreative scenografar med sitt eige og heilt tydelege språk. Med fantastiske tekniske innretningar får han det trivielle til å bli magisk, og han har fleire gonger oppheva tyngdekrafta. Det gjer han også denne gongen. Som publikum blir vi førte inn i eit romskip som etter kvart tar av og bokstaveleg svirrar ut i rommet. Og der opnar det seg ei verd til verkeleg å undre seg over. Til musikken til Luis Della Mea og videoscenografien til Pekka Stokke, visualiserer dei to dansarane Arnhild Staal Pettersen og Mari Flønes akkurat den barnlege undringa som i alle fall eg forbind med dei store spørsmåla. Dei er vektlause, dei utforskar og dei stiller spørsmål. Gjennom tre scener, eller romferdsstopp om du vil, får vi vere med på utforskinga. Det er vakkert, men først og fremst er det sjeldan å få oppleve ei framsyning der totalopplevinga i så stor grad er ein syntese av så mange og heilt likeverdige danse- og teatertekniske ingrediensar. Og i tillegg så saumlaust samansmelta. Eg har vore på reise i verdsrommet, og det gjorde godt. Takk for turen!

 

Leave a Reply