Hovudet i veggen

TEATER

Tro, håp og kjærlighet
Av Ödön von Horváth
Omsett av Eirik Stubø
Regi: Jonas Corell Petersen
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Komponist: Gaute Tønder
Med: Janne Heltberg Haarseth, Cici Henriksen, Kristofer Hivju, Trond-Ove Skrødal og Trond Peter Stamsø Munch
Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
HAKK I PLATA: Byråkratiet blåser ein lang marsj i argumenta til Elisabeth. FOTO: GT NERGAARD

Skremmande aktuell, men i ei innpakking som gjer byråkratiet, kanskje den største vekstbransjen i landet, både ynkeleg og farleg.

Jonas Corell Petersen gjorde stor suksess med oppsettinga av ”Unge Werthers Lidingar” på Det norske teater i fjor haust. Etter det blei han engasjert av Trøndelag teater, men med ein tillit som blir få regissørar til del. Han fekk sjølv avgjere kva han ville sette opp. Valet falt på ”Tro, håp og kjærlighet” av den ungarsk-austerrikske forfattaren Ödön von Horváth (1901-38). Trass i at von Horváth døydde i alt for ung alder, rakk han å skrive heile 17 skodespel, det meste før han i 1937 reiste frå den nazismen han lenge hadde vore av dei sterkaste åtvararane mot. I Tyskland blei stykka hans forbode, og lenge var produksjonen hans meir eller mindre gløymt. Dette har endra seg dramatisk, og nå er han blant dei mest spela tyskspråklege forfattarane. Trøndelag teater viste for tre år sia komedien ”Kasimir & Karoline”. Den skreiv von Horváth i 1932, det same året som ”Tro, håp og kjærlighet”, men bortsett frå den underliggande kritikken mot og angsten for det Tyskland som var på frammarsj, er dei to stykka temmeleg ulike. Eirik Stubø sette opp ”Tro, håp og kjærlighet” på Nationaltheatret for ti år sia, og det er hans omsetting som nå blir nytta i Trondheim.  

Medan oppsettinga på Nationaltheatret vara i nesten to timar med 19 aktørar, er framsyninga på Trøndelag teater skore ned til berre ein time og fem skodespelarar. Her er det kutta dramatisk. Frå å vere eit utal stutte scener, får vi i staden fem klåre og relativt sjølvstendige tablå presentert i ei underfundig og særs humoristisk, men også uvanleg form. Det er tydeleg at Petersen verkeleg vil noko, og han nyttar eit litt absurd og temmeleg komisk teaterspråk der musikk og repetisjon blir grunnleggande element.  

Elisabeth (Janne Heltberg Haarseth) vil ikkje anna enn å arbeide og leve eit normalt liv med sal. Til det treng ho eit handelsbrev, og for å få det treng ho pengar. Det har ho sjølvsagt ikkje, men så har ho høyrt at ein kan førehandsselje liket sitt til anatomiske eksperiment, oppsøker eit laboratorium for å selge kroppen sin (!), og møter for første gong byråkratiet. For det er dette oppsettinga handlar om. Det firkanta, bokstavtru, relativt andletslause byråkratiet som ikkje har snev av rom for skjønn, og som fortonar seg som ein massiv vegg. Dette illustrerar Petersen glitrande ved å la dei fire som representerer styresmakter, det offentlege og det ugjennomtrengelege stå fram som eit lite orkester som i staden for fornuftige svar spelar marsjar om att og om att, i starten urkomisk, men etter kvart kanskje litt langdrygt.  

Gjennom dei fem ulike tablåa følgjer vi Elisabeths veg frå optimisme til det komplette nederlag, frå kontor til kontor. Som ein kaptein Yossarian møter ho sine Catch 22, og som Kafkas Josef K. stangar ho berre hovudet i veggen. Elisabeth har mengdevis av litterære og historiske slektningar, og mange vil vel få assosiasjonar til Maria Amelies møte med norsk innvandringspolitikk.  Janne Heltberg Haarseth får utmerka fram den fortvila omdanninga frå ei livsglad ungjente til suicidal desperasjon. Tidvis nyttar ho metagrepet, vender seg til publikum, og nærast kommenterer seg sjølv. Dei fire byråkratane har trass i steinandlet likevel nokre få menneskelege trekk, men dreg seg raskt inn i den trygge og stivna rolla for å berge karriere og omdømme. Vi har heile spekteret representert frå den fascistoide politikvinna til den naive og angstbiterske offentlege tenestemannen som berre vil at alt skal vere pinleg korrekt. Det same spennet av byråkratar som verdshistoria har gitt oss frå Adolf Eichmann til norske statssekretærar, for å ta to av ytterpunkta.  

Jonas Corell Petersen har tatt med seg partnarane sine frå ”Unge Werthers Lidingar”. Den repeterande musikken som meir enn noko får fram det byråkratiske ”hakket i plata”, er skrive av Gaute Tønder. Nia Damerell, har laga ein relativt enkel, men særs effektiv scenografi, der enkel skilting fortel oss kva for kontor og folk vi har å gjere med (dei er jo alle likevel like). Særleg likte eg den låge himlinga som gjorde oppegåande menneske til krypande individ.  

”Tro, håp og kjærlighet” er ei stutt og tett oppsetting som syner oss både makta som ligg i byråkratiet, men også kor ynkeleg og svakt det eigentleg er. Trass i den særs stramme regien, har Petersen ein del dramaturgiske problem. Etter ei frisk og humoristisk opning, blir mye føreseieleg, og det repeterande grepet blir etter kvart noko keisamt. Framsyninga mistar litt av grepet undervegs, men tar seg opp att i finalen der til og med applausen er velregissert.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. april 2011.)

One Response to “Hovudet i veggen”

  1. […] “«Tro, håp og kjærlighet» er ei stutt og tett oppsetting som syner oss både makta som ligg i byråkratiet, men også kor ynkeleg og svakt det eigentleg er. Trass i den særs stramme regien, har Petersen ein del dramaturgiske problem. Etter ei frisk og humoristisk opning, blir mye føreseieleg, og det repeterande grepet blir etter kvart noko keisamt. Framsyninga mistar litt av grepet undervegs, men tar seg opp att i finalen der til og med applausen er velregissert”, skriver Amund Grimstad i Klassekampen. […]

Leave a Reply