The White Man’s Burden?

TEATER

Beer Tourist
Av Wunderbaum
Skrive, regissert og framført av Walter Bart og Matijs Jansen
Scenografi: Maarten van Otterdijk
Teaterhuset Avant Garden

Bildet:
MEST SPRIT: Sprit og sex mot eit bakteppe av fotball når Dave og Dave reiser verda rundt med Man U. FOTO: BERND UHLIG

Treffsikkert og underhaldande om fenomenet fotballturisme.

Teaterhuset Avant Garden opnar det som ser ut til å kunne bli ein ambisiøs og særs lovande vårsesong med eit gjensyn med den nederlandske gruppa Wunderbaum. Dette kompaniet gjesta Trondheim hausten 2009 med framsyninga ”Camp Jesus”, og denne gongen er det med ”Beer Tourist”, eit skråblikk på vestleg arroganse slik han kjem til uttrykk gjennom såkalla fotballturisme. Dave og Dave er to engelske arbeidarklassegutar som reiser verda rundt med Man U, laget i deira hjarta. Dei er korkje verre eller betre enn dei fleste fotballsupportarar (diverre), meiner mye og fordomsfullt om det meste, og har eit interessefelt som innsnevrar seg stort sett til øl, fitte og fotball, og i røynda forbausande lite om det siste. Med dette som utgangspunkt blir vi med dei på reise til Ukraina, nærare bestemt til Odessa ved ”the fuckin’ Black Sea”, og så er vi i gang.

Kafeen på Teaterhuset er omskapt til ”Klubb Odessa”, vi blir instruert til å vere ukrainarar, og ved bardisken er dei to i kvar sin Man U-drakt. Treffsikkert, på humoristisk vis og i høgt tempo tar dei oss med på si fordomsfulle og særs sjåvinistiske reise gjennom vurderinga av kvinnfolk, alkohol, trafikk, korrupsjon, EU og anna som renn dei i hu. Sjølv om dette er gjort med fotballmetaforar, kunne det like gjerne ha vore ei sosialantropologisk studie av charterturisme eller andre former for vulgær vestleg arroganse. Det er godt observert, treffande presentert, og såleis god underhaldning. Men det heile blir temmeleg føreseieleg, og dei to slår inn vidopne dører.

Mot slutten blir det ørlite grann meir brodd når dei gjer eit lite sveip innom Norge og presenterer haldningane sine om den sjølvtilfredse nordmannen. Og meir eller mindre ufrivillig har dei også sjølvkritiske blikk på det å vere britisk. Som underhaldning og ein slags stand up er dette relativt godt, og framføringa er utmerka. Men for den som har opplevd fotballfans eller fulle charterturistar, blir dette temmeleg føreseieleg. Eg trur Wunderbaum har eit ønske om å seie noko meir enn berre å underhalde, men den bodskapen er diverre litt for godt løynd.
Amund Grimstad

Leave a Reply