1000 zašto 1000 zato
Av Azra Halilovic
Regi: Azra Halilovic og Thorunn Wikdahl
Scenografi: Azra Halilovic og Thorunn Wikdahl
Med: Azra Halilovic
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Bildet:
TVITYDIG: Kva meining ligg det i å vende ryggen til den eller det ein elskar? FOTO: EIRIK BRENNE TORSETHAUGEN
Personleg, lågmælt og ikkje så reint lite sjølvironisk om eigne opplevingar frå krigens og flyktningtilverets kvardag.
Azra Halilovic er 31 år gamal. Ho er norsk statsborgar, utdanna teatervitar frå NTNU, og den siste tida har ho vore ein særs dugande ansvarleg for ”Symposium” ved Teaterhuset Avant Garden, eit prosjekt der teatergrupper og andre får vise fram og diskutert arbeid dei held på med. Då ho var elleve år gamal begynte ho å skrive dagbok, og nå har ho dramatisert utdrag av dagbøkene. Ikkje noko av dette er spesielt kontroversielt. Men legg til at Halilovic er bosnisk muslim, dotter av ein imam, og at dagbøkene handlar om ungpikeliv midt i eit krigshelvete som for hennar del endar opp med at ho og familien kjem til Trondheim som flyktningar, så forstår du raskt at dette kan vere ei utforsking av eit minefelt i dobbel forstand. Og det er blitt ei imponerande framsyning, personleg og sikkert mentalt enormt krevjande. Det er sterke saker Halilovic presenterer. Men for publikum ligg styrken i produksjonen først og fremst i alt det usagte.
Azra Halilovic har arbeidd med dette prosjektet i fleire år, og det er ganske forståeleg, for framleis er truleg opplevingane særs nære. I eit formidlingsperspektiv kan det vere fornuftig å få ein viss avstand til opplevingane sjølv om dét igjen kan gjere at det spontane og det kjenslemessige ikkje blir like sterkt. Halilovic nyttar grepet med ein sjølvironisk distanse som kler framsyninga, og som truleg gjer det både lettare for henne å formidle, og for oss å ta i mot.
Tolv år gamal er ho når krigen i heimlandet bryt ut, men i dagbøkene er det symptomatisk nok naivistisk ungjentekjærleik som dominerer. Det er sikkert ein naturleg forsvarsmekanisme, samtidig som det minner oss om at midt i krig og elende, er det også ein kvardag fylt av trivialitetar, – og sjølvsagt kjærleik og håp. Men Halilovic les ikkje berre frå dagbøkene sine. Ho supplerer med å fortelle om sterke og hatefulle opplevingar. Og ho avsluttar ikkje utan også ta med ein god porsjon om korleis det var å kome som flyktning til Norge. For den som trur at toppen av alle draumar må vere å kome hit, kan denne bolken vere særs god vaksenopplæring, for slik er det sjølvsagt ikkje. Ho fortel humoristisk, men med massevis av undertekst om dei første åra i Trondheim.
Framsyninga, som hadde urpremiere på Avant Garden torsdag, er i form eit relativt enkelt fortellarteater der Halilovic både fysisk og verbalt nærast slentrar seg gjennom si eiga historie, presentert med digresjonar og små avbrot som gjer at du får inntrykk av å vere med på ei individuell og unik framføring. Dagbøkene ligg spreidd utover golvet, og ho les frå dei tilsynelatande nesten tilfeldig, og utan annan hjelp enn særs illustrerande og gode videoprojeksjonar på det skråstilte scenegolvet. Lydbildet, som er musikk med tydelege spor av 90-tal, blir framført live av Andreas Elvenes og Svein Segtnan, og er ein integrert og viktig del av produksjonen.
Tittelen ”1000 zašto 1000 zato” tyder Tusen kvifor, tusen difor. Spørsmåla er Halilovic sine, og etter kvart som ho stiller dei, dukkar nye svar opp, – svar som treng både analysering og bearbeiding, og som gir rom for endelause nye rekker av spørsmål og svar. Vi forstår raskt at i svara kan det ligge både hat og aggresjon, og relativt lite forsoning. Azra Halilovic har laga ein produksjon som er personleg utan å bli privat, og som fortel eit lite knippe sterke historier frå eit ungpikeliv i ei for oss utenkeleg setting berre nokre få timars flyreise unna. Men det sterkaste er alt det usagte. For tjuefem år sia laga den russiske regissøren Elem Klimov filmen ”Gå og se!”, som truleg er ein av dei mest opprivande krigsfilmar som er laga nettopp fordi vi ikkje fekk sjå alt det forferdelege som skjedde i Kviterussland under 2. verdskrigen, men i staden fekk eit innblikk i korleis dette blei opplevd av ungguten Fljora. Ein tilsvarande indikeringskunst er det Azra Halilovic så meisterleg får til med ”1000 zašto 1000 zato”. Det er ganske godt gjort!
Amund Grimstad