Melodiøst på Munkholmen

TEATER

Skjønnheten og Udyret

Av Jeanne-Marie Le Prince de Beaumont
Omsett, tilrettelagt, instruert og koreografert av Marita Rødset
Komponist: Sunniva Skjørstad Hovde
Songtekstar: Ingrid Kummeneje
Kostyme: Berit Haltvik With
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen 11. juni til 2. juli

Musikal denne gongen og musikken er åleine verd turen til Munkholmen.

Når kalenderen fortel at det er sommar, men gradestokken seier noko anna, – då er det tid for BUL i Nidaros sitt årlege sommarteater på Munkholmen. Det er 27. gongen på rad at dei dyktige og iherdige amatørane i teaterlaget i BUL set opp teater i tårnet på Nidarholm, og eg har hatt gleda av å få sjå dei aller fleste. I år er det ”Skjønnheten og Udyret” som står på plakaten, og jamvel om dei fleste vil kjenne dette som ein Disneyklassikar, har Marita Rødset gått til røtene og originalen skrive av Jeanne-Marie Le Prince de Beaumont i 1750-åra. Heilt original var vel heller ikkje den, ettersom han var basert på ei femten år eldre historie. Uakta kven som skreiv dette først, er det mye fransk slottstapping og særs lite Disney i denne oppsettinga, og det tener henne til ære.

Tårnet på Munkholmen er ei scenografisk utfordring, og mye kreativt arbeid er gjort i tidlegare oppsettingar. Denne gongen har BUL i staden satsa alt på tidsriktige og flotte kostyme, minimalt med rekvisitt, og illusjonen som verkemiddel. Kostyma gjer absolutt sitt, og mye fin miming er også med på å illustrere det heile, men personleg kunne eg nok ha tenkt meg litt meir scenografi, for stundom blei scena berre stor og øyde, og sjølv god lyssetting greidde ikkje heilt å kompensere for dette.

Marita Rødset har vald å presentere historia som ein musikal bygd opp over mange tablå. For dei minste kan det nok vere vanskeleg å henge med i alle spranga i tid og rom, og det tar litt tid før vi får tak i funksjonen målaren Henriette og assistenten hennar har, men etter kvart fell brikkene på plass. ”Skjønnheten og udyret” handlar djupast sett om menneskeleg dårskap, det gode mot det vonde, og at det er mogeleg å bli eit betre menneske. Om dette er like tydeleg i denne oppsettinga, veit eg ikkje, men her er mye skummelt, magisk, vakkert og spennande, og når den livstrøytte og sjølvopptatte prinsen etter eit ufrivillig eksil som udyr (eller frosk som i liknande historier), blir ein snill og omtenksam prins som i tillegg får den fagraste jenta (eller Askepott som vi også kan kalle henne), er historia komplett og alle nøgde.

Nadia Marie Kummeneje og Eivind Skrødal spelar dei to tittelrollene. Særleg i samspelet der ho vekker menneskelege kjensler i han som vi trudde berre var eit udyr, får dei fram fine og vare stemningar. Den som lydlaust, men med grasiøse rørsler og framifrå miming bind heile framsyninga saman er Ane Fagerholt i rolla som Marcelle. Spel og personinstruksjon er elles litt ujamt, og ligg nok noko attende samanlikna med dei beste produksjonane til teaterlaget. Men det som gjer at denne oppsettinga likevel løftar seg og blir ei eg vil hugse, er musikken. Ingrid Kummeneje har skrive gode songtekstar, og desse er tonesett på eit verkeleg imponerande vis av Sunniva Skjørstad Hovde. Ho har komponert lettfatteleg, særs melodiøs og songbar musikk, melodiar som kan måle seg med det meste. Og framføringa er like imponerande. Berre to personar (Sunniva Skjørstad Hovde og Ann Helen Stamnsve) akkompagnerer og lagar lydbilde og -kulisser så godt framført og innhaldsrikt at eg har vanskeleg for å fatte at dei ikkje var fleire i orkesteret. 
Amund Grimstad

Leave a Reply