Upretensiøst og absurd

TEATER

Geografi og kjærlighet
Av Bjørnstjerne Bjørnson
Ilesesett av Øyvind Brandtzæg, Ragnhild Sølvberg, Cici Henriksen, Kine Bendixen, Helle Ottesen, Trond Peter Stamsø Munch, Trond-Ove Skrødal og Marianne Meløy.
Trøndelag Teater, Tiller helse- og velferdssenter.

Bildet:
UPRETENSIØST: Eit vanleg opphaldsrom, åtte skodespelarar og ein tekst, – så enkelt kan det gjerast! FOTO: AMUND GRIMSTAD

Eit leikent og opplagd ensemble gav oss ei absurd revitalisering av Bjørnson.

For ein dryg månad sia hadde Trøndelag teater premiere på si første ”ilesesetting”, eit slags dogmeteater utan regi, scenografi, kostyme eller rekvisittar, og der teksten blir lese og fysisk kommentert av skodespelarane. Først ute var ”Andevariasjonar” av David Mamet der to gamle menn pratar saman på ein parkbenk. Det var ein tekst som i utgangspunktet knapt kravde særleg regi. Med den andre ilesesettinga har teatret kasta seg ut på djupare vatn. Onsdag var det premiere på Bjørnstjerne Bjørnsons ”Geografi og kjærlighet”. Ein komplisert intrige og åtte skodespelarar er langt meir utfordrande enn to menn i samtale på ein parkbenk. Utfordrande er det nok også at produksjonen i tillegg er laga for turné. I samarbeid med Trondheim kommune skal han visast på ulike bydelskafear som del av ”Den kulturelle spaserstokken” fram til det blir ei framsyning i Theatercaféen 7. mai.

”Geografi og kjærlighet” er ein relativt klassisk forviklingskomedie som handlar om professor Tygesen (Øyvind Brandtzæg) som er sjukleg opptatt av geografi, og som, trass i at han eigentleg er ein snill og velmeinande person, blir ein tyrann og umogeleg å vere i hus med. Kona hans (Ragnhild Sølvberg) får etter kvart nok og forlet mannen for ei tid. Då kjem dottera  (Cici Henriksen) på banen. Ho er på mange vis lik faren, berre at hennar lidenskap er kjærleiken. For å gjere ei lang historie kort finn Tygesen til slutt ut at livet må innehalde både geografi og kjærleik, og så blir alle lukkelege.(?) Undervegs har folk kome og gått slik dei skal i ein forviklingskomedie.  Denne sjangerens viktigaste rekvisitt er døra. Med presis timing skal skodespelarane gå ut og inn av dører, forsvinne og dukke opp, og ofte i eit ganske høgt tempo. I ei ilesesetting er dette umogeleg ettersom alle er hundre prosent tilstades heile tida og det heller ikkje finst noka form for scenografi. Tempoet må også bli rolegare når alle må lese frå manus (sjølv om dei nok var relativt frigjorde frå boka etter kvart). Alt dette set andre og store krav til framføringa. Og ikkje minst til publikum.

For eg må vedgå at det ikkje alltid var like lett å vite kven som var kor til ei kvar tid. Det var så avgjort framsyningas største problem. Eg håpar eg undervurderer folk, men fryktar at eit urøynd publikum vil ha vanskar med å få med seg alt. Men samstundes blei dette aspektet ved framsyninga også etter kvart ein positiv dimensjon i seg sjølv. Når dei som skulle vere borte likevel var til stades, fekk oppsettinga meir og meir preg av ikkje berre å vere eit Bjørnsonsk godt over hundre år gamalt lystspel, men også eit ganske absurd teater der humoren låg vel så mye i det surrealistiske som i manus. Når skodespelarane i tillegg la inn små metasvisker for den røynde teatergjengaren, og sikkert også for å ha det artig sjølve, blei dette etter kvart langt større enn det teksten ga grunnlag for. Slik greidde denne heilt upretensiøse oppsettinga på eit leikent vis å revitalisere og modernisere Bjørnson. Og det utan regi!

Ilesesettinga av ”Geografi og kjærlighet” er blitt langt meir uhøgtideleg enn ”Andevariasjonar”, og er i si litt rufsute stil på grensa til rølp. Stor scenekunst er det vel neppe, men det leikne og særs opplagde ensemblet gav oss ei sjarmerande og ganske underhaldande framsyning. Og altså med ein ny og artig vri på eit drama som neppe er blant Bjørnsons beste. Meir skal ein kanskje ikkje forlange?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 23. april 2010)

Leave a Reply