Møterommet
Av: Trine Hild Blixrud
Med: Trine Hild Blixrud og Marte Sverdrup Liset
Teaterhuset Avant Garden, Rådsalen Trondheim Folkebibliotek
Seksuell empati vol. 1
Av og med: Jarl Flaaten Bjørk
Teaterhuset Avant Garden, Adolf Øien skole, Trondheim
Bildet:
I seks år på rad har Teaterhuset Avant Garden i Trondheim arrangert scenekunstfestival for barn og unge under fellesnemninga ”Den Unge Garde”. Festivalen skal spegle scenekunsten i vår tid, og syne at barne- og ungdomsteater er langt meir enn det vi vanlegvis får sjå på institusjonsscenene. Teatersjef Per Ananiassen tek difor ein ”Homlung” og erklærer ”Den Unge Garde” for Egner-fri sone. Det er eit stort og krevande arrangement, og i løpet av ei snau veke blir det presentert fem temmeleg ulike produksjonar fordelt på atten framsyningar. Eg har sett tre av dei fem, og skal her seie litt om to av dei.
”Møterommet” er ein performance som rettar seg mot den desidert yngste målgruppa, – dei frå null til to år. Det er inga eigentleg handling, men som tittelen fortel, eit møte mellom aktør og publikum der tilskodarane gjennom lydar, mimikk, rørsle og små gags blir inviterte til å delta, og der det er mogeleg å skape verkeleg interaktivt teater. Vi vaksne sat nok og håpa på at ungane ville driste seg frampå, men for dei små var det klårt at utbytet var like stort for dei som såg på, som for dei som våga seg ut på golvet. Det var heilt tydeleg at ungane fekk del i ulike opplevingar, men det er vanskeleg å vurdere om dette er kunst eller meir ein pedagogisk leik for dei små. Eller kanskje båe delar? Opplevingsrikt og underhaldande for både store og små var det i alle fall.
”Seksuell empati vol. 1” vender seg til eit heilt anna publikum i den andre enden av ungdomstida. Jarl Flaaten Bjørk har laga ein produksjon der han nyttar både video, musikk og tradisjonelt spel for å få fram bodskapen sin. Oppsettinga er særs pedagogisk, og nesten moralistisk i oppbygginga, men ved hjelp av mye humor, tydeleg innsikt i ungdomens tenkemåte og godt spel, unngår han at vi får peikefingerteater. Temaet er, og har alltid vore aktuelt, og når han spelar for elevane på ein av dei vidaregåande skolane i Trondheim, har han definitivt treft målgruppa si. Det er heilt tydeleg at dette er tema ungdomane kjenner seg att i. Jarl Flaaten Bjørk gir oss to versjonar av ”han møter henne”, – hans og hennar framstilling. Vi følger Chris og Ane gjennom uskuldig flørt, dans og inn i eit område der dei tydeleg ikkje lenger snakkar same språk. Der den eine ser leik, opplever den andre overgrep. Innsiktsfullt og med ei god blanding av alvor og skjemt syner han to heilt ulike opplevingar av same hendinga. Kor går grensene for kva som er seksuelt krenkande? Gjennom veksling mellom gjenkjenneleg spel, faktapresentasjon, jus og masse humor greier Jarl Flaaten Bjørk å problematisere desse vanskelege spørsmåla på eit vis som tydeleg vekte ettertanke hjå publikum samstundes som det var både velspela og ganske underhaldande.
Amund Grimstad