Drapet i Buvika

TEATER

Skottet i Buvika
Tekst: Idar Lind
Musikk: Knut Anders Vestad
Regi: Rolf Losnegård
Produsert av Kulturfestivalen Kristin på Husaby
Mølla i Buvika 1. mai 2008.
Bildet:
Bad taste? Det er eit drygt stykke når drapsmann og streikebrytarar står side om side med dei streikande og syng om det nye som skal vinne fram. Foto: Amund Grimstad
 
Når antagonisme blir forsoning og drapsmannen får applaus, er det noko grunnleggande som skurrar.
 

Streiken på mølla i Buvika rett sør for Trondheim i 1913 og 1914 er ein av dei mest dramatiske arbeidskonfliktane i norsk historie. I kjølvatnet av Martin Tranmæls Fagopposisjonen av 1911, stiftar arbeidarane ved I C Piene mølle i Buvika fagforeining i mai 1912, og i mars året etter går 35 arbeidarar ut i streik for betre løn og betalt ferie. Etter ein dryg månad vinn arbeidarane fram på mest alle område, men kravet om at streikebrytarane må bort, blir ikkje innfridd. Med det held streiken fram. Streikebrytarar blir hyra inn i stor skala og mølleleiinga utstyrer svartføtene med våpen. Laurdag den 20. september blir fagforeiningas sekretær, Marius Folstad, skote av den atten år gamle streikebrytaren Alf Egseth. Folstad blir følgt til grava av meir enn 4000 menneske. Raseriet breier seg, og får ny næring når drapsmannen er attende på jobb etter få dagar og i ei farseaktig rettssak blir frikjend for å ha handla i naudverje! Men i februar 1914 er det slutt etter eit svikefullt forlik der LO-leiinga trugar arbeidarane til å gi seg trass i enorm folkeleg støtte.

Dette er historia i særs stutte trekk. Ei historie som ropar etter dramatisering. Inga E. Næss ga i 1988 ut boka Skotet i Buvika, og nå har Kulturfestivalen Kristin på Husaby sett opp Skottet i Buvika som eit musikkspel skrive av Idar Lind med musikk av Knut Anders Vestad. Oppføringa skjer på mølla der konflikten var, og berre nokre få hundre meter unna drapsstaden. Buvikastreiken er ei historie med sin eigen dramaturgi, sterk, full av høgdepunkt – og nedturar, solidaritet, svik, og alt som skal til for å lage ei spennande teaterframsyning. Det er difor med ein god porsjon undring eg registrerer at Idar Lind ikkje kan ha hatt stor nok tillit til stoffet. Han har i staden dikta inn ulike kjærleikshistorier, Folstad blir rive mellom ”kallet” som fagforeiningssekretær og pliktene som far, møllemeistaren tafser på ungjentene, og drapsmannen blir særs sympatisk! I iver etter å lage dette mangefassettert, og gjere personane til heile menneske med både sterke og svake sider, gjer Lind det til ein slags tevling mellom to likeverdige partar. La gå at han ikkje vel side, men når drapsmannens song er det innslaget som haustar mest applaus, må det vere noko som er gale. Buvikakonflikten enda med svik, og eit stort nederlag for arbeidarane, men det kjem berre delvis fram, og druknar i ein finale der alle, – streikande, streikebrytarar, møllemeistar og til og med drapsmannen står side om side og syng Det gamle må i grava om det nye ska vinn fram! Den mest antagonistiske konflikten i norsk arbeidarhistorie endar opp som det konfliktlause livet i Hakkebakkeskogen!

Idar Lind er ein god låtskrivar, kanskje ein av dei beste i landet, og er særleg dyktig i bruk av enkle metaforar. Både i songtekstar, og i dialogen er det mye å gle seg over for den som høyrer etter. Men å sy mange gode tekstar saman til eit samlande heile, har han diverre ikkje greidd denne gongen. Produksjonen er eit musikkspel, og Knut Anders Vestad har skrive særs god og fengande musikk som står godt til innhaldet. Utandørsscener er ofte utfordrande lydmessig, men kapellmeister Trond Hustad og hans vesle orkester gir meir enn god nok backing til dei mange og overraskande gode songinnslaga. I berande roller er det hyra inn profesjonelle skodespelarar, og særleg Tore B. Granås gir ei god tolking av reisesekretæren i Arbeidsmandsforbundet, Elias Volan. Men i hovudsak er dette først og fremst ein enorm dugnad der nærare 150 statistar, mellom dei heile tre songkor, gir spektakulære og flotte masseopptrinn. Regissør Rolf Losnegård kom inn i prosjektet på eit seint stadium, men har greidd å få til imponerande god personinstruksjon. Framsyninga blir spela på mølla, og det gir autentisitet. Men det kunne ha vore gjort nokre scenografiske grep for å få scena til bli litt betre definert.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen 5. mai 2008.)

Leave a Reply