Livets mange val

TEATER

NEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDE

«De ti bud»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Basert på «Dekalog» av Krzysztof Kieślowski
Dramatisering: Koen Tachlet
Omsetjing: Øyvind Berg
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi: Olav Myrtvedt og Norunn Standal
Kostyme: Anette Werenskiold
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Koreografi: Ida Wigdel
Med: Sarah Francesca Brænne, Janne Kokkin, Emil Olafsson, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Trond-Ove Skrødal og Fabian Heidelberg Lunde

Ei tidvis særs god, men litt ujamn framsyning som blir for stutt til å yte alle episodane rettferd.

Dagleg må menneska ta val, dei fleste trivielle, men nokre av dei heilt eksistensielle. For å rettleie oss har alle samfunn laga lover og reglar, og i vår kultur er nok dei ti boda, slik Moses skal ha fått av Gud, dei mest grunnleggjande. I 1989 laga den polske regissøren Krzysztof Kieślowski (1941 – 1996) TV-serien «Dekalog», som i ti episodar av rundt 50 minutt, tok opp moralske og etiske spørsmål med bakgrunn i kvart av dei ti boda. I ei stor bustadblokk i Warszawa møter vi ulike menneske som må ta skilsetjande val. Sjølv om episodane tok utgangspunkt i boda, var problemstillingane knytte meir til ålmenn etikk enn til tru. Det gjorde at serien blei ein stor suksess, også blant ikkje-truande.

Basert på «Dekalog» har den belgiske dramaturgen Koen Tachlet laga ein sceneversjon, og i Maren E. Bjørseths regi var det norgespremiere på Trøndelag Teater torsdag. Kieślowskis meir enn åtte timars film er komprimert ned til to framsyningar på godt under to timar kvar der du anten kan sjå dei kvar for seg eller som ei maratonframsyning med pause.

Olav Myrtvedt og Norunn Standal har ved hjelp av ti mobile modular laga ein scenografi som sinnrikt og på effektivt vis både er bustadblokka i Warszawa, og alle dei andre plassane vi er innom. For å skape naudsynte brot mellom dei fem boda i kvar akt, har Ida Wigdel laga ein enkel koreografi der absurd dans fungerer både som humoristisk overgang og som kommentar til at menneska er statistar i kvarandre sine liv, alt til vakker musikk av Alf Lund Godbolt. Når berre sju aktørar skal spele drygt femti roller på langt under halve tida av TV-serien, er det uråd å få med alt, og dette er i hovudsak løyst ved ei blanding av eit forteljande kor, og at aktørane går ut og inn av rollene og kommenterer seg sjølve. Scenetilvisingar blir fortalde, ofte i humoristisk og absurd kontrast til det vi faktisk ser. Slik blir det skapt ein distanse som kler framsyninga. Sjølv om det berre er sju aktørar, er rollene tydeleg og skifta gode. Det er godt ensemblespel, og særleg overtydande var Sarah Francesca Brænne i si første rolle på Trøndelag Teater, spesielt som den jødiske flyktningen Elzbieta og som kikkarofferet Magda. Scena der ho nærast forfører Tomek (Emil Olafsson), guten som står for stalkinga, er eit høgdepunkt.

Det er for omfattande å skrive om alle dei ti episodane, og presentasjonen av dei er noko ujamn. Vi får overmotet der realisten har slik klokkartru på vitskap og reknemåtar at det fører til at sonen dør. Det er eit forhold mellom far og dotter som kan bli incestuøst. Det er ho som blir plaga av og avslører ein kikkar, og det er ikkje minst eit sterkt oppgjer med polsk rettargong og dødsstraff. I alle episodane kjem ein til eit vendepunkt der det viktige valet må bli tatt. I hovudsak blir dette formidla levande og godt, og aktørane og vala deira er truverdige. Men eit par av episodane blir for stutte, blir fortald meir enn spela, og missar mykje av nyansane i originalen. Særleg gjeld det for bodet om ikkje å stele.

For ein som for seksti år sia måtte pugge dei ti boda, og som tretti år seinare såg «Dekalog», dukkar det opp mange spørsmål, også om dei vala Tachlet og Bjørseth har gjort. Sjølv om bibelen fortel om steintavler, er ikkje boda «hogde i stein», for innhald og rekkefølgje er faktisk ganske forskjellig i ulike kulturar. Kieślowskis film følgjer boda slik vi kjenner dei, men har bytt om på rekkefølgja av dei to siste. Som avslutning på alle dei eksistensielle og vanskelege vala, nøkternt formidla, blir finalen hans ein slags oppsummerande og kontrasterande svart komedie. I sceneversjonen blir dramaturgien endra ved at komedien kjem som eit malapropos i niande episode, og eg spør meg sjølv kva som gjer den norske bibelforståinga viktigare enn god dramaturgi.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Leave a Reply