Eit mørkets draumspel

TEATER

MYTISKE DYR: Slike fantasifulle, mytiske og ganske skumle dyr møter vi mange av i «Våkenatt» FOTO: NICOLA LOLLI

«Våkenatt»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Konstellasjonen
Regi: Morten Røsrud
Scenografi: Jenny Hilmo Teig
Kostyme: Berit Haltvik With
Maske: Leo Thörn
Lysdesign: Kristoffer Hjulstad
Musikk og lyddesign: Frode Fjellheim
Med: Kristina Kiberg, Elizabeth Piro Volan/Kristoffer Hjulstad og Janne Brit Rustad/Mari Moe Krysinska

Før i tida var mørkets makter ein del av kvardagen, men i dag er alt opplyst. Kva skjer når lyset forsvinn?

Det finst ikkje noko meir livgjevande enn sola. Men sjølv om vi alltid har dyrka lyset, måtte folk i tidlegare tider i større grad også leve med mørket. Det var lite anna enn open eld som kunne kompensere for natt og mørketid. Dette gav rom for fobiar, myter og religiøse fabuleringar. I vår, i dobbelt forstand, opplyste samtid avfeiar vi slikt som overtru. Men mørket har framleis si eiga kraft, og i ei tid då det mange stader ikkje lenger er mogeleg å sjå stjernehimmelen på grunn av alt kunstlyset, tar folk til å oppsøke mørket. For mange år sia møtte eg ein mann som påstod at han ein gong hadde greidd å bli att i Louvre etter stengetid og hatt ei natt i totalt mørke. Ved å gå og føle på alle skulpturane, blei han religiøs den natta, fortalde han. Nå trudde han på guden «Krøm», som er ordet mørk baklengs. For mørke er ikkje fråvær av lys, men nærvær av Krøm, meinte han. Folk kan ha så mange religiøse idear, men det var likevel ikkje heilt umogeleg å forstå kva han snakka om. Dette gamle møtet rann meg i hu då eg såg teaterkompaniet Konstellasjonens nye framsyning «Våkenatt» som hadde premiere på Turnéteatret i Trøndelag i helga.

Konstellasjonen er eit lite Trondheimsbasert kompani som i år feirar tiårs-jubileum. Dei har stort sett gitt oss visuelt og særs fysisk teater, i hovudsak for barn, ofte nonverbalt og eksperimentelt i forma. Med «Våkenatt» har dei reindyrka mykje av dette og laga ei uvanleg opplevingsrik, spennande og ganske skummel framsyning der hovudmålgruppa er dei mellom 9 og 12. Det er blitt ei reise som geografisk ikkje er spesielt lang, for opplevingane kan vere rett rundt hjørnet. For kva skjer når lyset er sløkt og det dukkar opp over- og underjordiske vesen av alle slag?

Framsyninga tar til i foajeen på teateret der forskaren Ragnhild (Kristina Kiberg) ønsker oss velkomne til det som skal bli ei førelesing om ulike usynlege krefter og korleis ein kan måle dei. Ho har med seg eit gamalt måleinstrument og gir oss ei lita innføring i at mørket er eit utryddingstruga fenomen, men som i tidlegare folketru ga rom for gudar, troll, nissar og fabeldyr. Då var det viktig å ha dei rette remediane, som til dømes eit krusifiks, ein spegel, ein saks og sjølvsagt lys. Utstyrt med dette inviterer ho oss med til førelesinga i teaterets tredje etasje. Dit kjem vi aldri, for på vegen gjer instrumentet kjempeutslag. Som den seriøse forskaren Ragnhild er, og med eit nyfikent publikum, tek ho oss i staden inn i det ukjende for å finne ut kva dette kan vere.

I stummande mørke føler vi oss fram under dukar og draperi . Etter kvart ser vi noko som kan likne på ei grue og som gir eit minimum av lys. Der møter vi Våkenatta, ho som gir rom for draumane våre. Eg skal ikkje øydeleggje spenninga ved å fortelje om alt det andre vi møter på vår vidare veg gjennom mørket, men opplevingane er mange med bloting, dyr, nissar, mørkets mor og meir til. Særleg sjarmerande var ein mistenksam, kontrær, men eigentleg ganske triveleg fjøsnisse som blei hovudstups forelska i sitt eige spegelbilde. Alle figurane er framifrå maskert og blir spela truverdig og stundom ganske skummelt av Elizabeth Piro Volan og Janne Brit Rustad.

I Morten Røsruds regi er det fin dramaturgisk stigning frå tablå til tablå, og vi får god tid til både å dvele ved dei ulike opptrinna, og å bevege oss frå det eine til det neste. Avslutninga er litt brå og umotivert, men slik er det kanskje elles også når lyset kjem på. I dette fantasifulle vandreteateret blir vi leidd gjennom eit landskap der også transportetappane er spennande og ikkje minst krevjande. Jenny Hilmo Teig har laga ein mangefasettert scenografi der opplevingane står i kø, og i lag med kostymedesignar Berit Haltvik With og maskemakar Leo Thörn har dei skapt ei rekkje ganske skumle, men først og fremst fantasifulle vesen. Saman med musikken og dei flotte lydeffektane til Frode Fjellheim, og den særs diskré lysdesignen til Kristoffer Hjulstad, er dette blitt ei sanseleg reise inn i mytologiens mørke der fantasien framleis kan få herje fritt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. november 2020.)

Leave a Reply