Personleg og ålment

TEATER

TALANDE METAFOR: Isbjørnen er einsam, kompromisslaus, men også sårbar. FOTO: ALEX HINCHCLIFFE

«Isbjørnpappaen»
Rosendal Teater, Scene 2
Av og med Katja Brita Lindeberg
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Sissel Romme
Video: Sissel Romme, Alex Hinchcliffe og Barbro Lindeberg
Komponist: Toni Martin Dobrzanski
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Produsent: Katja Brita Lindeberg Produksjoner og Emily Fishbeck Luthentun i samarbeid med Rosendal Teater og Turnéteatret i Trøndelag

Ei djupt personleg, men samstundes særs ålmenn beretning om einsemd og venskap.

Katja Brita Lindeberg har gjennom produksjonane sine til nå i stor grad, og med like stort hell, arbeidd med ulike sider ved teaterklovnen. Kjønnsperspektivet ved klovnen har også vore eit viktig aspekt, og dette førte ho vidare i fjorårets produksjon «Bare en våt munn» der ho saman med Madeleine B. Nilsen utforska kva det vil seie å vere kvinne, alt basert på ei mengd intervju med kvinner i ulike aldrar. Det blei ei rekkje ganske intime vitnesbyrd. Når Katja Lindeberg nå er valt ut til å lage opningsframsyninga for det nye Rosendal Teater i Trondheim, held ho seg framleis i intimsfæren. Men på eit vis som samstundes med å vere djupt personleg, også seier mykje og ålment om kva det vil seie å vere menneske.

Framsyninga fortel om einsemd og samhandling, og som langt meir enn eit vanleg bakteppe, nyttar Lindeberg forholdet til faren sin for å utdjupe dette. På eit vakkert og illustrerande, men på same tid temmeleg utleverande vis, brukar ho isbjørnen og hans liv og veremåte som metafor for faren og det ho freistar å fortelje. Isbjørnen kan vere livsfarleg, han er nådelaus og kompromisslaus, men også særs sårbar. Og medan binna følgjer ungane i to år, lever isbjørnhannen åleine, og kan i verste fall ete ungane sine. Som dei fleste for lengst har forstått, er det difor eit langt frå flatterande bilde av faren Lindeberg gir oss, men det er likevel gjort med kjærleik, forsøk på forståing, og ikkje minst i samråd og pakt med den det gjeld.

Scenografien er enkel, men effektfull. To store isfjell av papp, nokre transparente draperi, eit lite hus og nokre figurar. Og så ei stor isbjørnmaske som Lindeberg tar av og på gjennom heile framsyninga. Det startar med at ho til lyden av vatn som slår mot isfjell vandrar undrande rundt og utforskar scena. På det viset slår ho an ei litt naivistisk og spørjande tilnærming som gjennomsyrer heile framsyninga. Så tek ho av seg maska, vender seg mot publikum og fortel at i husværet hennar i Trondheim står det sju par ski i entreen, og bokhyllene er fylde med bøker om teater. I farens leilegheit eit par steinkast unna er også hyllene fylde med bøker om teater. Men ettersom ho ikkje fortel noko meir om interiøret hans, er også det meste sagt om likskap og skilnad på far og dotter. Der ho vil spele teater, vere polarutforskar og meistre, har isbjørnpappaen nok med seg sjølv og bøkene.

Faren hennar er nå pensjonist, men har jobba som lysdesignar, scenograf, regissør, teaterforskar og forfattar. Han har fortald og skrive entusiastisk om teaterets møte mellom menneske, og om det naudsynte med samhandling. Men dette ser ikkje ut til å gjelde hans eige liv. Han er blitt ein isbjørn som held seg for seg sjølv saman med bøkene sine.

Katja Lindeberg nyttar ei blanding av forteljarteater og forsiktig regissert spel, og mykje av framsyninga er resitering av samtalar ho har hatt med faren. Han er også tidvis til stades gjennom videoprojeksjonar på draperia. Eg må vedgå at eg er blant dei som er skeptiske til mykje av verkelegheitslitteraturen i dag, og denne framsyninga kunne ha trakka godt over grensa for det utleverande. Nokre av scenene kunne ha blitt både kleine og pinlege. Men sjølv om Lindeberg på mange vis utleverer faren, blir det gjort med respekt og ein tydeleg ekte og litt undrande kjærleik. Og det avgjerande er at farens openbert kompromisslause haldning til teateret, gjer at han er med på det heile, stoler på dottera og gir henne frie taumar. Slik blir dette ei heilt usedvanleg personleg framsyning om Lindebergs eigen einsemd i møte med farens, om det sårbare ved å vere menneske og om kor vanskeleg nære relasjonar kan vere.

Katja Lindeberg går ut og inn av framsyninga, nyttar mange ulike forteljargrep, er tidvis ganske sjølvironisk, vender seg direkte til publikum og får oss med på humoristiske gags og laussluppen feiring av faren. Ikkje alt er heilt ferdig, og ein del av dei mange små sceneskifta kan framleis polerast noko, men det skuggar ikkje for det faktum at dette er ei uvanleg god balansegang mellom det heilt personlege og private, og det ålmenne. Lindeberg greier å seie oss mykje klokt og innsiktsfullt om einsemd, kjærleik, og om å vere menneske i samvær med andre.

God hjelp har ho også av teamet bak produksjonen. Scenografien og draperia til Sissel Romme, dei mange videoprojeksjonane i godt samspel med Ingrid Skanke Høsøiens lysdesign og ikkje minst Toni Martin Dobrzanskis lyd og komposisjonar gjer framsyninga til ei audiovisuell oppleving. Litt melankolsk, men først og fremst vakker. Og Kjersti Haugens forsiktige regi er særs tru mot Lindebergs forteljing. Der det kunne ha blitt teatralsk, i overkant privat og litt kleint, legg ho inn fine brot som løyser opp, får fram humor, sjølvironi og varme.

«Isbjørnpappaen» er ei modig, kjærleiks- og respektfylt framsyning som greier å røre oss som publikummarar. Slik understrekar Lindeberg farens mantra om det viktige ved teaterets samhandling også i møtet mellom scene og sal.

(Meldinga blei publisert på nettsida til Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift sundag den 25. august 2019.)

Leave a Reply