Tilgjeving og kjærleik

TEATER

KJÆRLEIK: Ein fars uendelege kjærleik og evne til forsonande tilgjeving. FOTO: SÖREN MEISNER

«Pinocchio»
Vendsyssel Teater, Store sal, Hjørring, Danmark
Fritt etter Carlo Collodis «Pinocchio»
Av Teater Patrasket
Regi: Alex Byrne
Scenografi: Nathalie Mellbye
Dokke- og maskedesign: Katrine Karlsen
Med: Anna Karina Nicolaisen, Maria Myrgård, Dirck Backer og Bastian Popp

Ei vakker historie om ein fars uendelege kjærleik og store evne for tilgjeving.

Som eg fortalde både i ein kommentarartikkel og i siste teatermeldinga mi, har eg vore på «Aprilfestival» i Danmark og sett fjorten av rundt 160 tilgjengelege produksjonar. Og sjølv om det er over hundre profesjonelle kompani som står bak det heile, oppdagar eg etter kvart at det innafor scenekunsten er akkurat i Danmark som i Norge, – det er mange Tordenskjolds soldatar. Den første framsyninga eg såg, var «Søndag» av teaterkompaniet «Patrasket». Det var ei vakker lita forteljing, men då den siste framsyninga eg såg, «Pinocchio» også var av det same kompaniet, fann eg det rett å berre melde ei av desse, og enda opp med Carlo Collodis kjende historie om tredokka som fekk liv. Inntil eg ikkje berre såg likskapen til den andre framsyninga eg har vald å melde, «Otto» som også handla om ei tredokke som fekk liv, men der det ved nærare ettersyn synte seg at det var same regissør på dei to, og ein av skodespelarane var med i båe. Kanskje var det teaterspråket deira som snakka til meg, eller kanskje var det heile berre tilfeldig, men her er i alle fall ei melding av «Pinocchio».

Alle, absolutt alle, kjenner historia om «Pinocchio». Ho var skriven av den italienske barnebokforfattaren Carlo Collodi som følgjetong i barnebladet «Giornale per i Bambini» i 1880-åra, men blei allemannseige med Disneyfilmen frå 1940. Pinocchio er ei dokke den fattige treskjeraren Geppetto lagar, som får liv, blir stilt overfor etiske spørsmål av ein god fe, og som får veksande nase kvar gong han lyg.

I denne framsyninga har dei dikta fritt rundt historia. Den gode feen er borte, og i røynda er det ikkje lenger Pinocchio, men far hans, det gode mennesket Geppetto, som er hovudpersonen ved at han gjennom botnlaus kjærleik til Pinocchio stendig tilgjev tredokkas galne val før dei til slutt båe hamnar som Bibelens Jonas i kvalfiskens buk, – og reddar seg ut. Metaforisk kan ein her finne eit utal tolkingar å leggje seg på, og slik er det blitt ei framsyning for akkurat det du sjølv vil leggje i henne.

«Pinocchio» er blitt ei leiken og vakker lita framsyning med utsøkt dokkeføring og fine små illusjonsbrot kvar gong tredokka står framfor enkle eller eksistensielle, men i alle fall etiske val. Kvar gong stoppar aktørane opp, vender seg til publikum og spør kva Pinocchio skal eller bør gjere, og jamvel om ungane (og dei vaksne) i salen er nokså samstemde om kva som er rett, vel Pinocchio alltid den kortvarige lukka. Det er relativt uskuldig, det er menneskeleg, men det viktige er kjærleiken frå Geppetto, ein far med eit stort hjarte og ein romsleg konto for tilgjeving same kva som måtte vere rett og gale. Og forsoninga når dei båe har redda seg er til å gråte av. Kanskje er eg lettrørt, men denne framsyninga rørte meg langt meir enn originalhistoria.

Leave a Reply