Undring og fantasi

TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

«Kant»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Agneta Elers-Jarleman, basert på Jon Fosses roman
Regi og bearbeiding: Ingvild Marie Lien
Scenografi, lysdesign, video og kostyme: Anastasia Isachsen
Musikk: Gunnar Edander, Sissel Brean Hovind og Frode Fridtjofsen
Med: Hilde Stensland og Brage Bang

Ei vakker og poetisk reise inn i eit undringas landskap.

 

Aldri er vi meir grunnleggjande filosofiske enn som barn. Vi undrar oss, stiller vanskelege og eksistensielle spørsmål, og lar fantasien råde. Slik er det også med Klara (Hilde Stensland). Ho er sju år, bur saman med faren, medan den kreftsjuke mora er på sjukehuset for truleg aldri å kome heimatt. Klara skal leggje seg, men er redd for kjemper, og for at ho sjølv kanskje berre er ein draum i hovudet til kjempa. Samstundes har ho høyrt at verdsrommet er uendeleg, og undrar seg over at universet er slik når alle andre kjente former, som senga og bordet har ein ende, eller ein kant. I naborommet sit faren (Brage Bang) og les filosofiske tekstar av nettopp Kant. Rundt dette vesle ordspelet har Fosse og Elers-Jarleman laga ei lita filosofisk undringsreise, poetisk og særs vakkert framført. Målgruppa er Klaras eigne, frå fem år og oppover, men forholdet til faren, og bakteppet med den døyande mora, gjer dette så universelt at vaksne har like stort utbytte av framsyninga.

Vi er i soverommet til Klara, ho skal leggje seg, men ser både kjemper, mora og ikkje minst universet. Med stor innleving i den barnlege fantasien gir Hilde Stensland oss ei litt redd, men først og fremst undrande lita jente som sjølvsagt gjer alt anna enn å sovne, og som til slutt må få faren på banen for å svare på spørsmåla sine. Det kan han berre delvis, og det gir framsyninga ein ekstra dimensjon at også vaksne er usikre og til og med litt redde av og til.

Scenografien er Klaras soverom, tilsynelatande enkel, men golvet er ein sinnrik stjernehimmel full av galaksar, og nydeleg videobruk gjer veggane til projeksjonar av skumle kjemper, mora og universet. Eit vakkert, litt repeterande lydbilde gir i tillegg inntrykk av det uendelege, og er med på å understreke det poetiske i framsyninga.

I Ingvild Marie Liens regi er det lagt vekk på fantasi, fabulering og spørsmål, og utan dei store dramaturgiske grepa. Dei minste i salen sleit nok litt med konsentrasjonen, men mye humor samt Hilde Stensland særs intense, og sterkt fysiske spel vog i stor grad opp for dette.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. mars 2016.)

Leave a Reply