Alt kan reparerast

MOLL OG DUR: Kathrine Thorborg Johansen spelar ut heile registeret og er høgt og lågt som Vibeke. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Puppan te pappa
Trøndelag Teater, Hovudscena
Tekst og musikk: Rasmus Rohde
Regi: Morten Joachim
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Øyvind Brandtzæg, Julie Moe Sandø, Jon Lockert Rohde, Mira Dyrnes Askelund m. fl. samt Rasmus og Verdens Beste Band

God musikk og godt spel, men eit tekstgrunnlag som har litt for mye moralistisk vaksenproblematikk .

I ein gråbeinsgard i Trondheim bur Vibeke (Kathrine Thorborg Johansen) og foreldra hennar, Martin (Øyvind Brandtzæg) og Mildrid (Julie Moe Sandø). Saman med dei andre bebuarane i garden er det nærast lutter idyll der mye dreier seg om altmogelegmannen Martin. I tillegg til å vere verdas beste pappa, driv han også bakgardsverkstad der alt kan reparerast, og der han samstundes har overflod av tid for ungane. Sjølv om det er mange kvardagskonfliktar i dette miniuniverset, er dei ikkje større enn at dei også kan reparerast. Det einaste Martin ikkje er så opptatt av å vedlikehalde, er kroppen, og Vibeke slår etter kvart fast at «pappa har fått puppa».

Men så flyttar gründeren Gunn (Mira Dyrnes Askelund) inn og startar treningsstudioet Sunn med Gunn i dei ledige butikklokala i 1. etasje. Gunn er ei fjong dame som er som flugepapir for sakeslause mannfolk. Så går det som det må, Martin blir kroppsfiksert, småforelska i Gunn, gløymer alt det gamle, og sluttar å vere verdas beste pappa for Vibeke.

Rasmus Rohde er godt kjend som musikar og låtskrivar, og Rasmus og Verdens Beste Band har ein imponerande cv med to av tre mogelege spelemannsprisar for beste barneplate. Rohde har også solid røynsle frå teatret, både som musikar i fleire oppsettingar, og som forfattar av gruvespelet «Eplene i Messehagen». Nå har han tatt skrittet inn i fullformatet på hovudscena på Trøndelag Teater med ei vidareutvikling av ideane bak fleire av barnesongane, og med unntak av tittellåten, er det berre nyskrivne songar. Rohde har tidlegare synt at han greier å skrive seriøst og forståeleg for barn, og er ofte flink til å utfordre tabuførestillingar på eit humoristisk og avvæpnande vis. Slikt er det også ein del av i denne oppsettinga, men ho kunne nok ha tålt atskillig meir. Historia er ei framstilling av ei midtlivs- og samlivskrise slik ho kan fortone seg for ungane, men Rohde greier ikkje heilt å finne kven han vender seg til. Det blir litt for mye vaksenproblematikk og føreseieleg korrekt moral, og for lite av det meir absurde og forbodne. Ei scene der ein stotrande Martin blir kontant avvæpna av Vibeke som svarar: Å, du meiner sex? når faren skal forklare korleis ho blei unnfanga, kan stå som eit døme på slikt vi skulle ha hatt meir av. Då hylte ungane i salen.

Morten Joachim som nyleg hadde kjempesuksess med Doktor Proktors Prompepulver på Riksteatret, har hatt regien. Saman med Gjermund Andresens heilt transparente og særs effektfulle scenografi, og Eivind Myrens lysdesign, har han skapt eit fint, lite univers av bakgarden og dei mange ulike bebuarane. Overspelet er akkurat på grensa, og kontrastane til dei rolege og alvorlege partia er fine og avstemte. Kathrine Thorborg Johansen er særs tilstades som Vibeke og spelar ut heile det mangfaldige registeret til ungjenta. Martha Standal har med sikker hand koreografert dei mange flotte songinnslaga, og Rasmus og Verdens Beste Band gir ikkje berre tonefølgje, men er aktivt med og kommenterer handlinga. Men om Trøndelag Teater framleis skal ha ambisjonar om å vere eit leiande musikalteater, må dei gjere noko med lyden. Det har vore problematisk før, men denne gongen var lydkøyringa katastrofalt dårleg. Når gode songarar med framifrå diksjon blir presentert som om dei syng gjennom eit ullteppe, er det langt frå akseptabelt for eit av landets nyaste og mest moderne teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. november 2014.)

 

Leave a Reply