Hyllest eller skråblikk?

MASKOT: Radioen heitte Mascot eller Kurér, programmet var Ønskekonserten, og nasjonen var samla. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

De nære ting
Trøndelag Teater, Gamle scene
Teaterkonsert basert på songar av Kurt Foss og Reidar Bøe – med fleire
Av Tor Gunnar Heggem og ensemblet
Regi: Kristian Seltun
Scenografi og kostyme: Signe Becker
Musikalsk leiing: Ivar Gafseth
Med: Kine Bendixen, Ivar Gafseth, Tore Johansen, Jon Lockert Rohde, Hallbjørn Rønning, Erlend Smalås, Øyvind Flaarønning Smidt og Ragnhild Sølvberg

I ein freistnad på både å lage nostalgitrip til 50-talets songskattar, og eit politisk skråblikk på det same tiåret, fell denne oppsettinga mellom alle stolar.

Det er berre seksti år sia Kurt Foss og Reidar Bøe formeleg eigde ønskekonserten og songskatten deira var allemannseige og vel så det. Men alt nå er dei i ferd med å gå i gløymeboka. Ideen til teatersjef Kristian Seltun er god. Han ville hente fram att dei to umåteleg populære songarane, og i en hyllest til dei, til songane deira og ikkje minst til harmoniseringane, har han sett opp ein teaterkonsert der vi får gjenhøyr med både desse to, samt Søstrene Bjørklund og Ivar Medaas. For å binde dei ulike numra saman, har Seltun fått hjelp av Tor Gunnar Heggem som har skrive eit manus der dei åtte på scena spelar seg sjølve, mimrar litt, kommenterer og syng.

Og det opnar særs lovande med «Bestemamma Ravn», ein humoristisk sjangerblanding som er heilt typisk for Kurt Foss og Reidar Bøe, og som syner spennet deira både musikalsk, som låtskrivarar og som entertainerar. Ei vise som ikkje på noko vis har gått ut på dato. Og så held dei fram med ei ganske ellevill framføring og dramatisering av «Langt bort i tyttebærskauen» og den litt meir mollstemde «Lakenmonogram», båe i ein slags skillingsvisetradisjon og framført som metateater med ein god porsjon ironisk distanse. Det er godt, det er underhaldande, og eg tar til å gle meg til resten. Men deretter går det meste diverre i stå.

I ein freistnad på å lage politisk skråblikk på det femtitalet som var songduoens samtid, ei tid då Ønskekonserten med sin særs faste dramaturgi var nasjonens samlingspunkt, greier ikkje Seltun og Heggem å bestemme seg for kva dei vil. Det er som om vi er på ein ok konsert der vokalisten absolutt må seie noko mellom kvart nummer, men eigentleg ikkje har noko å melde. Det blir tidvis pinleg, det som skal vere artig fell blytungt i bakken, og det er overtydeleg negerhumor som korkje er morosam eller spesielt politisk. Om dei berre hadde stolt på Kurt Foss, Reidar Bøe, Jakob Sande, Otto Nilsen og Arne Paasche Aasen, kunne dette i alle fall ha vore brukbar underhaldning. Sjølv om finalen med sviskene «De nære ting» og «Blåveispiken», samt ei særs god framføring av «Den tar vi om igjen» er i stil med opninga, greier ikkje det å endre totalinntrykket.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2013.)

Leave a Reply