Kven lurer kven?

TEATER

OVERFLATEIDYLL: Alle veit litt, men ingen veit alt. FOTO: LENA KNUTLI

Bedrag
Av Harold Pinter
Omsett av Ann Karen Hytten
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Anita Gundersen og Karianne Barstad
Med: Wenche Strømdahl, Jan Frostad, Jan Erik Berntsen og Kriss Stemland
Trøndelag Teater, Studioscena

«Bedrag» er ein liten, unnseleg tekst med ein heil roman mellom linene.

Det er befriande å sjå eit teaterstykke som er nesten klinisk reint for ytre staffasje, og som lar det sagde, for ikkje å seie det usagde, vere fullstendig i sentrum. Harold Pinter var ein meister med språket, minimalist, men med heile romanar mellom linene. Øyvind Brandtzæg har vore tru mot opphavet, stolt på tekst og skodespelarar, og laga ei nydeleg lita framsyning i sin eigentlege debut som regissør på Trøndelag Teater.

«Bedrag» («Betrayal» frå 1978) er eitt av Harold Pinters mest spela stykke. Det er eit tett lite salongdrama som handlar om to bestevenar der den eine har hatt eit sju år langt forhold til kona til den andre. Dette er eit tema som mange dramatikarar har vore innom. Men det spesielle ved Pinters tekst er at det blir spela i revers, og for dei som er opptatt av det meir pikante, at det er dels sjølvbiografisk. I tillegg går det sjølvsagt utapå det meste reint litterært fordi Pinter nærast boltrar seg i det usagde, og på genialt vis syner korleis ein ved å bedra andre også i like stor grad driv sjølvbedrag. Og så har han lagt inn masse humor som gjer at oppsettinga får eit element av forviklingskomedie der det ikkje er godt å seie kven som veit kva når, og kven som lurer kven. Vi tar til der det heile endar, og gjennom små tablå tar Pinter oss etter kvart ni år attende i tid. Slik avdekker han historia lag for lag og syner at den som trur han veit, likevel kan vere den som blir lurt, og ikkje minst at bedrag eigentleg til sjuande og sist handlar om sjølvbedrag.

Øyvind Brandtzæg, til vanleg skodespelar ved Trøndelag Teater, debuterte som regissør i fjor med ei bakgardsoppsetting av Shakespeares «Ein midtsommarnattsdraum» som det framleis går gjetord om. I vinter gav han regihjelp til Marianne Meløys «Stemt», ein monolog om røysterettsjubileet, så litt instruktørrøynsle har han, men ikkje med slike psykososiale drama som «Bedrag». Her har han laga ei minimalistisk oppsetting nesten utan scenografi sjølv om dei ulike scenene finn stad forskjellige plassar. Det seier litt om truverdet han har greidd å skape, når vi både godtek manglande scenografi og det faktum at dei tre skodespelarane er meir enn tjue år eldre enn dei skal vere. Skifta mellom de ulike tablåa, og spranga i tid og rom blir saumlaust formidla av pianisten (Kriss Stemland) som bind det heile saman med smektande beatlesmelodiar.

Dei tre strålande opplagde og særs røynde skodespelarane (Wenche Strømdahl, Jan Frostad og Jan Erik Berntsen) ser ut til å kose seg i rollene. Dei lar orda få kvile lenge i munnen, dei tar seg gode pausar, og dei lar alt det usagde få rikeleg høve til å søkke inn. Det er diskret og godt spel som gir meir enn tilstrekkeleg rom for mye nydeleg nyanserikdom i mimikk, augnekast og andre ørsmå detaljar. Og sjølv om dette eigentleg er ganske alvorlege greier, gir dei også god plass til den nesten ufriviljuge humoren som gjennomsyrer framsyninga.

Brandtzæg har tatt godt vare på Pinters tekst som i Ann Karen Hyttens omsetting er gitt eit munnleg og naturleg norsk, og det framifrå spelet gir også rikeleg plass for underteksten. Men etter å ha vore med på denne baklengse demaskeringa lag for lag, er eg likevel litt uviss på kor vi skal. Det blei ei velspela reise mot noko litt uforløyst der finalen for meg diverre hang litt i lause lufta. Eller kanskje det er slik at når løgna er avkledd, står inkje att?

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. september 2013.)

Leave a Reply