Avantgarde-teater

TEATER

Verion
Kreativ leiar: Catherine Kahn
Manus: Trond Morten Kristensen Venaasen og Catherine Kahn
Musikk: Bergmund Waal Skaslien og Gaute Gjøl Dahle
Art direction: Friedrich Kirschner
Med: Martha Standal og Kingsford Kweku Siayor
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

BILDET:
AVANTGARDE: I ein herleg miks av musikk, voice over, 3D-animasjon og tradisjonelt teater blir vi vitne til det som kanskje blir framtidas scenekunst. FOTO: FRIEDRICH KIRSCHNER

Ei 25-årsmarkering som verkeleg stod til teatrets namn.

Teaterhuset Avant Garden (TAG) i Trondheim feirar sine første 25 år, og gjer det med ei i høgste grad eksperimentell framsyning som både peikar framover om kva vi kan vente oss av scenekunst i åra som kjem, og som ikkje minst står godt til teatrets namn. Namnet var opphavleg eit ordspel ettersom Avant Garden i starten heldt hus i nabogarden (eller forgarden om du vil) til Hotell Royal Garden. Det heile starta opp som ein kunstnarfellesskap som både husa bildekunstnarar, forfattarar, teatergrupper og ei temmeleg kummerleg scene. I starten var teaterdelen av huset difor ei scene for tre av frigruppene i byen; Studio Teater, Det lille musikkteater og Petrusjka teater. I dag er alt dette historie. Kunstnarfellesskapen er nedlagd, teaterhuset har fått ny og moderne scene i kjellaren til Nova kino, og frå å vere ei prøve- og framsyningsscene for frigruppene i byen, er TAG blitt ei programmeringsscene på line, – og i samarbeid med Black Box i Oslo og BIT Teatergarasjen i Bergen. Noko av det lokale tilsnittet er nok diverre gått tapt på vegen, men i staden er det opna for særs gode norske og internasjonale gjestespel.

Men då teatret skulle feire seg sjølv og sine første 25 år, blei det ikkje invitert eit spennande gjestespel frå det store utland. I staden blei det skipa konkurranse, og vinnaren blei Trondheimskunstnaren Catherine Kahn som ville lage ei særs framtidsretta og eksperimentell framsyning. I helga var det både urpremiere og jubileumsfest.

Med 3D-brillar blir vi tatt med til byen Verion i eit slags futuristisk scifi-spel der ein katastrofe har fjerna havet og der byen er befolka av ei blanding av muterte vesen og vanlege menneske. Det er ei postsivilisatorisk fortelling der vi møter to menneske, Myra og soldaten Charlie, båe på leit. Historia er både litt vanskeleg tilgjengeleg, og ikkje særleg overtydande, og spelet ber preg av mangel på regi og personinstruksjon. Men, så utroleg det enn kan høyrast, blir desse innvendingane relativt uvesentlege. For Verion er først og fremst ei reise i ny teknologi, og ein demonstrasjon av kva vi kan og bør vente oss av teatret i framtida. Catherine Kahn har hatt hjelp av om lag det som kan krype og gå av teknologisk kunnskap både i og omkring NTNU-miljøet. Saman har dei laga ein eineståande syntese av lyd, musikk, 3D, HD-kvalitet, voice over og heilt vanleg teater. Mot ein bakgrunn av tredimensjonal animasjon av byen, landskapet, folket og meir til blir vi vitne til Myras og Charlies leiting. Dei går inn i, og i eitt med den animerte bakgrunnen, og saman med musikken, som står særs godt til framsyninga, blir det skapt både stemningsfulle bilde og opplevingar. Verion er blitt ei særs visuell framsyning som gir gode indikasjonar på kva vi kan vente oss av scenekunsten i framtida. Teknologien sprenger nye grenser, og det står berre att å ta han i bruk.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 2. september 2009)

Leave a Reply