Løgn, sex og videotape

DANS

Teaterhuset Avant Garden – Trondheim
Olavshallen – lille sal
Bare Back Lying
Av Simone Aughterlony
Video Meika Dresenkamp
Med Simone Aughterlony, Bibiana Beglau, Nicholas Lloyd og Thomas Wodianka.

I grenselandet mellom dans, teater, film og performance presenterer Simone Aughterlony ein underhaldande humoreske der du kan dikte inn om lag kva du vil.

Simone Aughterlony, opphaveleg frå New Zealand, men busett i Sveits, har dei siste åra skapt seg eit namn både som dansar og koreograf. Bare Back Lying er hennar første ensemblearbeid, og med seg har ho eit dyktig multinasjonalt lag frå Tyskland og England. Det er ei heilaftans framsyning, sjangeroverskridande så det held, humoristisk og underhaldande, visuell, sensuell og ikkje minst særs leikande. Oppsettinga er full av metaforar, og den som vil forstå alt, får ei strid tørn med å henge med. Berre i tittelen ligg det eit hav av tolkingar frå å ligge med ryggen bar til løgnaktig homofil analsex, og i dette spennet er det det vesle ensemblet flørtar med publikum i nesten samfulle to timar.

Med fullt opplyst sal og scene tar framsyninga til medan tilskodarane kjem inn. Thomas Wodianka pratar ubesværa med publikum, medan Nicholas Lloyd kjem med meir enn flørtande kommentarar til kvinnene i salen. Ei ikkje bareback, men laidback stemning er skapt, og den spelar ensemblet vidare på i heile framsyninga. Så tar det heile til, og vi blir presentert for historie etter historie, kanskje løgn, kanskje sanning, og same historia fortald på ulike vis. Scenisk er det ei sjangerblanding som gjer det umogeleg å katalogisere oppsettinga. Frå verbale historier, via film, interaktivt seminar, musikk, song og sjølvsagt til dansen. Han er ei historie for seg, framført utan musikk, keitete, firkanta og nærast maskinelt, men likevel så synkront og ekspressivt. Gjennom denne multimedieframsyninga leikar Simone Aughterlony seg med både ensemble og publikum, sensuelt, humoristisk, grunnleggande trist, – og altså litt løgnaktig.

Metaforane sit laust i denne oppsettinga som blir spela på engelsk og delvis tysk. I ei av scenene karakteriserer dei fire kvarandre ved hjelp av ei uendeleg rekke meir eller mindre vellukka metaforar. Aughterlony har tydeleg urokkeleg tillit til både publikum og eiga oppsetting, for dei fleste ville ha gitt seg halvvegs. Framsyninga er nok litt i lengste laget, og ho kan bli noko dvelande, men imponerande nok greier ensemblet å halde oss fanga i nesten to timar. Kva dei har fortalt oss, er eg ikkje heilt viss på, men det er i alle fall godt skrøna.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 25. april 2007)

Leave a Reply